Marias 2011-rapport

Marias 2011-rapport

2011 var året da nettjournalist og anmelder Maria Horvei gikk glipp av en haug med konserter, gikk i bakken av Insane Clown Posse og nilyttet til PJ Harvey.

Skrevet av:
Publisert 15:13 19 desember, 2011

Året nærmer seg slutten og det er på tide å gjøre opp status. Hvilke skiver står igjen i mylderet av utgivelser? Hvilke konserter gjorde størst inntrykk? Hvilke låter har preget året og hvilke øyeblikk har definert musikkåret 2012?

Redaksjonens felleslister over de beste internasjonale og norske plateutgivelsene er for lengst strødd utover Internett. Nå er det på høy tid å la de indviduelle stemmene få oppsummere musikkåret 2011.

Lydverkets individuelle årsoppsummeringer vil bli publisert til og med søndag 31. januar. I dag: Lydverkets nettreporter Maria Horvei

Årets album:

Om eg skal la eitt album stå att i platesamlinga frå 2011, vert det med stort sannsyn PJ Harveys Let England Shake. Ikkje fordi det nødvendigvis  er det albumet som er best egna til å oppsummera musikkåret som snart er omme, men fordi kjensla av å sitta med eit album så gjennomarbeida, så bunnsolid og så intenst, tilhøyrer sjeldsyna.

Kanskje er det symptomatisk at eg ikkje kjenner eit spesielt behov for å trekkja fram nokon av låtane frå albumet blant årets beste – det er ikkje (dei riktignok fantastiske) låtane i seg sjølv som er hovudpoenget, det er heilskapen dei skapar. Dette er noko ein kan sei om mange store (konsept)album, men det har aldri vore kvardagskost. Og Let England Shake er så langt unna knekkebrød med brunost som du kjem.

Når det er sagt – 2011 har vore så mykje meir, og i realiteten kjem også The Rapture, Frank Ocean, Terius Nash, Wild Beasts, John Maus, Iron & Wine, Destroyer og endå ein del fleire til å bli med meg over i 2012.

Årets låter (urangert):

John Olav Nilsen og Gjengen: «Klokkene»

Klar favoritt frå Gjengens andrealbum. Pokker så nydeleg.

Klokkene

Lana Del Rey: «Video Games»

Det vart ein trangare fødsel enn venta for Lana Del Rey, men denne låta kan ingen ta frå ho.

Frank Ocean: «Swim Good»

Diskusjonen om kva som er den beste låta på Nostalgia, Ultra vil ingen ende ta, men eg har bestemt meg. Trur eg.

The Rapture: «It Takes Time To Be A Man»

Herleg plate, fantastisk avlutningsspor.

11 it takes time to be a man

TV On The Radio: «Will Do»

Eg var i utgangspunktet ikkje heilt nøgd med firaren me ga denne låta i Singelyatzy, og enda opp med å gje den ein ganske prominent plass på 2011-soundtracket. Andreas og Jacob: den er fin.

The-Dream: «Body Work / Fuck My Brains Out»

At eg har lært meg brorparten av teksten til denne låta, trur eg ikkje var til det beste for nokon.

The-Dream – Body Work_Fuck My Brains Out

The Streets: «Lock The Locks»

Nok var nok, Mike. Men det skal du ha:  dette er ein bra outro.

Årets konsert:

Det er jo gjerne slik at dei beste konsertane er dei du ikkje har sett, og i år gjekk eg mellom anna glipp av både James Blake på Parkteateret, Mastodon i Frognerbadet og Janelle Monaé og Pulp på Øya. Men neidå, ikkje bitter i det heile tatt.

Heldigvis var eg trygt plassert i publikum då Tyler, The Creator halta rundt på Amfiscena på Hove, då Kanye West og Lykke Li hadde kvar sin høgst individuelle oppvising i profesjonalitet og eksentrisitet på Øya, og då Bon Iver bergtok Sentrum Scene. Og det er jo ikkje så verst, berre det.

Årets mest oversette:

No skal ikkje eg vera den som ropar at me er alt for lite glade i menn med skjegg og eit ustabilt kjensleliv i dette landet, men Josh T. Pearsons Last Of The Country Gentlemen er no ein gong eit album som fortener å bli plukka opp av fleire. Dei sju låtane, som du må setta av ein god time til å spela av, har blitt til i løpet av dei ti åra som har gått sidan Pearsons tidlegare band Lift To Experiance vart oppløyst, og for å sei det enkelt: det var ikkje ti gode år. Albumet er tungt på fleire måtar, men når det fyrst treff deg… Då ligg du der.

«Sorry With A Song»:

01 Sorry With A Song (single version)

Årets skuffelse:

Jamie Woon gav oss fyrst to knallsterke singlar, og så eit ganske merkeleg og ujamnt album. Det kjekkaste med Mirrorwriting er eigentleg at du heilt fint kan lata som om det kom ut i 1998.

Årets WTF:

Eller, som eg likar å kalle det, årets kva-pokker. Og eg kan tenka etter så hardt eg berre vil – lite kjem i nærleiken av då eg høyrte «Mozart, dope for the most part / respect him, ’cause he knows art». Jack White og Insane Clown Posse der altså.

Tags: , , , , , , , , , , , , , , , ,

Del "Marias 2011-rapport"

Legg igjen en kommentar