Gamle sanger om igjen

Gamle sanger om igjen

Er det lov til å klaga over at artistar gjentek seg sjølv – og musikkhistoria? Ja, meiner Maria Horvei.

Skrevet av:
Publisert 12:55 11 mai, 2012

«Helst skal jo musikken Lydverket presenterer til enhver tid være helt ny og original og som regel være laget igår, og om ikke er slaktespaden oftest i umiddelbar nærhet.»

Orda er henta frå eit kommentarfelt her på Lydverket sine sider, under ein sak som presenterte Beach Boys sine planar om å feira sitt eige 50-årsjubileum med eit nytt album. Steinar Kallander var opphavsmann til kommentaren, var positivt overraska over at me i redaksjonen brydde oss om musikk med «så lang fartstid», men gjekk likevel ut frå at dette var eit unntak snarare enn ein regel – han forventa snarleg «nedsabling i kjent Lydverketjournalist-stil av alle som ny-tolker eldre musikk enn fra 70- og 80-tallet.»

Eit liknande sukk frå kommentarfeltet sto ein viss »Edward Richmont Hansen» for. Under min anmeldelse av Bruce Springsteen sitt siste album – ein anmeldelse som mellom anna tok opp min frustrasjon over det eg såg på som manglande nyskaping frå Springsteen si side – la han fram følgjande observasjon:

«Det virker som om alle anmeldelsene hennes handler om hvor irriterende det er at hun har «hørt det før». Vel, anmeldere for tjue år siden skrev nøyaktig slike resonnementer, så da kan vel jeg irritere meg over at jeg også har hørt denne anmeldelsen før :-( «

No er det faktisk slik at Edward har heilt rett. Om eg ikkje alltid har vore like konsekvent, har eg ein klar tendens til å la kjensla av å ha «høyrt det før» trekkja ned mi totalvurdering av eit album. Ulike anmeldarar kan operera med høgst ulike kriterium for sine meiningar. For meg speler altså i kva grad artisten beveger seg framover, både i høve til eiga karriere og i høve til det musikalske feltet artisten beveger seg innan, ei viktig rolle.

For all del: eg er like tilbøyeleg til å setja pris på Michael Kiwanukas retro-soul som dei fleste andre. Eg er ikkje spesielt vanskeleg å be om å setja på ein gammal 90-tals-favoritt i lystig lag, eller om å henta fram mine beste boyband-minne, for den saks skuld.

Likevel har eg ei lei kjensle av at all denne entusiasmen over musikk som er kjent – artistar me allereie har eit forhold til, låtane me klina til på ungdomsdiskoteket, sjangrar me oppdaga i kjellarstova til ein kompis – trugar med å leggja ein dempar på entusiasmen for musikk som er ny.

Eit kjapt blikk på kva som har bevega seg i musikkverda dei siste vekene får ikkje akkurat optimismen til å spira i brystet. Her ser me at den eviggåande pengemaskina Kiss er på veg til Holmenkollen, medan Duran Duran, eit band som nådde sitt definitive karrierehøgdepunkt på midten av 1980-talet, skal opna OL i London denne sommaren. Beach Boys, No Doubt og TLC er berre nokre av banda med å planleggja sine respektive comeback. I Telenor Arena dansa nyleg 15 000 ungdommar i alle aldrar til Scooter og Dr. Bombay, under megaarrangementet «We Love The 90s», og eit par veker før dette: sjølvaste Tupac, død sidan 1996, framfører «Hail Mary» frå scena under årets Coachella-festival i California.

Så kan ein byrja å tenka på alle dei dei unge artistane som i dag hentar hovuddelen av sine musikalske referansar frå tidlegare epokar i musikkhistoria. Alle radiokanalane med eit perverst forhold til Queen, alle coverversjonane som går sine sigersrundar på nettet, alle samleboksar og gjenutgjevingar, alle dei gamle heltane som i skrivande stund er på veg til ein eller annan festival nær deg… Med tanke på den mengda av gamal musikk som faktisk omgjev oss, så er kanskje eit Bruce Springsteen-album der han slenger seg i kast med noko nytt vel mykje å be om.

Men eg ber no om det likevel, rett og slett fordi eg ikkje ser vitsen med noko anna. Klassiske album og personlege favorittar kjem alltid til ha ein plass i platesamlinga, og musikkhistorie kjem alltid til å vera fascinerande. Men me lever faktisk her og no – ikkje i 1963, 1977 eller 1991 – og det bør reflekterast i musikken.

Det fins også nok av krefter som slår eit slag for at vår tid ikkje skal bli representert med liksom-polaroid-bilete av 20 års-jubileet til Pearl Jams Ten, skildringar av augeblikket då The Beatles endeleg vart tilgjengeleg på iTunes, eller små videosnuttar av ironisk dansing til 2unlimited i framtidas Wikipedia-oppføringar. Dei fins, og dei er verkeleg verdt å heia på.

Maria Horvei

Tags: , , ,

Del "Gamle sanger om igjen"
 

3 kommentarer på “Gamle sanger om igjen”

  1. Kåre Garnes sier:

    Er det ikke OL i Rio Duran Duran skal åpne?

  2. Anonym sier:

    Om Springsteen faktisk HADDE gjort «det samme» han gjorde på alle skivene fram til Born in the USA ville jeg vært overlykkelig. 

  3. Anonym sier:

    Om Springsteen faktisk HADDE gjort «det samme» han gjorde på alle skivene fram til Born in the USA ville jeg vært overlykkelig. 

Legg igjen en kommentar