Spill video

- Kødder du med meg?

Det blir flau stemning når Kurt Nilsen må lesa nærgåande sexskildringar om seg sjølv. Bli nærare kjend med fenomenet fan fiction.

Skrevet av:
Publisert 8:30 13 oktober, 2011

Kva gjer ein når universet ein elskar å flykta inn i ikkje lenger er nok? Du har høyrt gjennom alle My Chemical Romance-platene, sett kvar einaste ein av Justin Bieber sine musikkvideoar eit utal gongar, stått timesvis i kø for å sikra deg billettar til Tokio Hotel-konserten. Kva no?

Svaret er enkelt: Du byrjer å skriva, eller lesa, fan fiction - ein amatørbasert, ikkje-kommersiell litterær sjanger, der fansen tek liva til sine idoler i eigne hender, og skriv sine eigne forteljingar om personane dei elskar. Kort sagt: Fans diktar opp historiar om heltane sine.

I kveldens Lydverket, som går på NRK2 kl. 21.30, har reporter Siri Knudsen tatt ein nærare kikk på fenomenet. I klippet øvst i saken kan du finna ut korleis Kurt Nilsen reagerer på å lesa alt anna enn uskuldig fanfiction om seg sjølv.

Frå Star Trek til Twilight

Fan fiction har ei lang historie, og det er ikkje berre artistar som har blitt objekt for denne typen aktivitet; bokseriar som Twilight og Harry Potter er enormt populære tema for fan fiction-skribentar, det same er tallause filmar, TV-seriar og teikneseriar. Ifølgje Fredrik Strage, svensk journalist og forfattar av boka Fans, var det Star Trek-fansen som for alvor introduserte fan fiction til eit stort publikum på 1960-talet.

- Det var skrive veldig mykje fanfiction om den TV-serien då den vart nedlagt – den vart jo berre vist ein kort periode på 1960-talet, og så var Star Trek heil fråverande på 1970-talet. Det vart ikkje laga ein langfilm om Star Trek før i 1979, og fram til det vart det produsert mykje Star Trek-fan fiction, seier Strage.

Søt kjærleik…

Så kva type handling finn ein eigentleg i fan fiction? Vel, ein kan trygt seia at spennet er stort. Ofte skriv forfattaren seg sjølv inn i historia, til dømes som kjærasten til Justin Bieber, og fortel ei nokså uskuldeg kjærleiksforteljing. Med seg sjølv som karakter, er det òg populært å vera der for idolet sitt når det treng deg som mest, til dømes når det ligg på sjukehuset, har vore i ei ulykke eller er skada på noko vis

- Det verker som om mykje fan fiction fyller ein viktig funksjon der, at ein fan kan kjenna seg trengt av sitt idol. Plutselig er ho like viktig som ein mektig plateindustriperson, ho kan gå inn og hjelpa sin helt, eller sin store kjærleik, når han har det vanskelig, seier Strage.

…eller grov pornografi

Andre fan fiction-forfattarar vil heller sjå på kva som skjer i eit univers når kamera er slått av, scenelyset er slokka eller siste side i boka er lest. Kva skjedde med Harry Potter etter at han slutta på Hogwarts? Fins det alternative utfall i Twilightsagaen? Kva karakterar i ein kjend TV-serie hatar, eller elskar, kvarandre?

Denne formen for fan fiction glir gjerne inn i undersjangeren slash fiction, der fokuset ligg på seksuelle relasjonar mellom personar av samme kjønn. Resultatet kan vera ganske rå pornografiske skildringar – som ikkje nødvendigvis tek hensyn til familiære band. Brødreparet Gerard og Mikey Way i My Chemical Romance er blant artistane som ofte vert skrive inn i ein homoerotisk setting, det same er Bill og Tom Kaulitz i Tokio Hotel.

Pikeromspoesi

Kva artistar som vert populære fan fiction-objekt, heng tett saman med fanbase-demografien; har du mange unge, kvinnelege fans, er du i høgrisikogruppa for å få skrive ein meir eller mindre flatterande fan fiction-forteljing om deg sjølv. Det er nemleg nesten utelukkande jenter som skriv fan fiction.

- Eg kjenner ikkje til noko mannlege Iron Maiden-fans i 30-åra som sitt heime og skriv historiar om Bruce Dickinson og Steve Harris,  seier Strage, som med mogleg unntak av forfattarar av Star Wars-fan fiction knapt kan hugsa å ha kome over mannlege fan fiction-skribentar.

Sjå heile reportasjen på NRK2 kl. 21.30 i kveld!

Lyst å lesa meir fan fiction? Her er ein god stad å starta.

Tags: , , , , , , , , ,

Del "- Kødder du med meg?"
 

5 kommentarer på “- Kødder du med meg?”

  1. [...] (og et klipp der en pinlig berørt Kurt Nilsen konfronteres med skitne sexfantasier om selv), finner du her, men kort fortalt: Fanfiksjonen gir oss anledning til å dikte fritt rundt livene til artistene vi [...]

  2. Anonym sier:

    Jammen gjør de seg vidløftige også, de som driver på her. Pøbelspråk (jfr. tittel) og klissmentalitet som få lenger – av en eller annen grunn - tør å ta tak i. Ikke skolen, de tør ikke, ikke foreldre, de gidder ikke eller er ditto selv, ikke NRK, de oppmuntrer til denne mentaliteten isteden. Er det flere enn meg som ikke er noe videre begeistret for dette?

    • Anonym sier:

      N-rk skal være for alle, også språklige pøbler, klisselskere og tullebøtter, om de ser på, hører på eller jobber der. Nettet er heldigvis stort, klincke-troll, du finner sikkert likeverdige andre steder. ;)

      Og til dere nrk-folk: dere gjør en flott jobb! Det merkes at det er gjort et kjempeløft det siste året. Fantastiske og aktuelle dokumentarprogram, inspirerte programskapere for barn og ungdom og nettservicen begynner å bli en faktor å regne med i den kulturelle hverdagen. Fortsett som dere stevner! (Eneste jeg savner er bedre dekning av landets mange avkroker, høge fjell og dype daler.)

  3. Det er alltid like artig når utenforstående skal forsøke å forstå fenomenet fanfiction. He he. NRK, takk for en underholdende reportasje! Jeg liker at dere faktisk dekker saker som det her, selv om jeg gir beng i både Kurt Nilsen og Justin Bieber :)

  4. [...] to uker siden dykket vi dypere i fenomenet fanfiksjon, der virkelighetens idoler trekkes inn i fantasien til sine fans og utsettes for seksuelle [...]

Legg igjen en kommentar