Team Me på innspeling av Lydverket 11. oktober. Foto: Rashid Akrim, NRK P3

Team Me på innspeling av Lydverket 11. oktober. Foto: Rashid Akrim, NRK P3

Team Me - To The Treetops!

Bli med på vinnarlaget

Det er fullt mogleg at Team Me har gitt ut årets beste norske popalbum.

Skrevet av:
Publisert 18:00 17 oktober, 2011

Norske popband legg seg rett som det er lageleg til hogg frå eit publikum som har sett sin del lusekofter og collage-baserte albumcover. Me er eit godt stykke ut i 2000-talet no, og «snurrige» tekstar om rosa elefantar i teselskap, gammalmannsestetikk og hardnakka argumentasjon for at blokkfløyte er eit fantastisk instrument, er ikkje lenger sjarmerande eksentrisk. For mange har det vorte ein smule irriterande.

Ved å velje «With My Hands Covering Both Of My Eyes I Am Afraid To Have A Look At You Now» som tittel for sin ferske radiohit, har Team Me allereie gått eit par skritt ut på planken som er satt ut over Pretensiøsitetens Hav. Heldigvis har dei ein ganske grei metode for å kontra eventuelle himlande auge og oppgitte sukk: Dei har spelt inn eit sabla godt popalbum, høgt heva over allslags surmaga kritikk.

Les også: Team Me ut til Europa

Bandet gjev riktig nok ingenting gratis i dørene. Opningssporet er, diabetesframkallande nok, titulert «Riding My Bicycle (From Ragnvaldsbekken to Sørkedalen)», og strekk seg over godt og vel åtte minutt. Men det må det berre få lov til. I løpet av låta introduserer dei det meste av det som skal kome til å prega resten av albumet: Detaljrik og fantasifull orkestrering, engasjerande melodiøsitet og brå dynamiske omslag, som tydeleg formidlar at dette er eit musikalsk overskotsprosjekt.

Les også: Sa unnskyld til Radioresepsjonen

To The Treetops! er ein sprudlande longdrink av ei plate. Smakar ein etter, kjenner ein klare spor av band som Mew og Lukestar, nokre hint av internasjonale popensemble som Arcade Fire, med ein kanskje litt overraskande ettersmak av postpunk à la Rumble In Rhodos. For ikkje å nemna snevet av Owl City, Sufjan Stevens, eller… Vel, du skjønnar teikninga. Team Me har satt saman ein potent miks av popreferansar, som, takka vera ein trygt forvalta eigenart og særs velutvikla meloditeft, står fjellstøtt på eige hand.

Albumet held imponerande høg kvalitet gjennom heile den knappe timen det tek å spele det av. Nydelege «Fool», som i fjor tok vokalist Marius Drogsås Hagen til Urørt-finalen (dette var tida då Team Me framleis var eit soloprosjekt, i alle fall på papiret), er framleis eit høgdepunkt, men ikkje det einaste: «Show Me» peikar seg tidleg ut, det same gjer nestesporet «Patrick Wolf & Daniel Johns».  Sistnemnde er eit av fleire døme på kor fordømt kvikke Team Me kan høyrast ut når dei går inn for det, men dynamikken vert ivareteken av spor som «Favorite Ghost» og avslutningslåta «Daggers». Og ja, «With My Hands…» er eit sant funn.

Team Me står rett og slett bak det som kan vera årsbeste på den norske popfronten. Legg til eit solid liverykte, og du har ein kombinasjon som kan visa seg å vera farleg i tida framover. Denne terningen er i alle fall ganske så sterk.

Maria Horvei

Tags: , , , , , , , ,

Del "Bli med på vinnarlaget"
 

7 kommentarer på “Bli med på vinnarlaget”

  1. Hans-Christian Holm sier:

    «Riding My Bicycle (From Ragnvaldsbekken to Sørkedalen)»? Hva er det som får nordmenn til å lage heimstaddiktning på engelsk i stedet for på norsk? Er det de fantastiske eksportmulighetene som åpner seg?

  2. Hans-Christian Holm sier:

    «Riding My Bicycle (From Ragnvaldsbekken to Sørkedalen)»? Hva er det som får nordmenn til å lage heimstaddiktning på engelsk i stedet for på norsk? Er det de fantastiske eksportmulighetene som åpner seg?

  3. E.B sier:

    ser på startsiden av nrk att dere ikke liker Team Me.
    Eller er det slik att nrk ikke vet hva skamrose betyr?

  4. [...] Onsdag 2. november får vi besøk av et band som virkelig er i vinden for tiden, nemlig Team Me! I følge lydverket er plata “To the Treetops” muligens årets beste popalbum, og de ruller et terningkast 5! [...]

  5. [...] er ute med sitt debutalbum, To The Treetops!, som muligens kommer til å stå igjen som årets beste norske popalbum, i følge vår [...]

  6. [...] oktober fikk vi høre et håndfast resultat av satsingen. Albumet “To The Treetops” ble mottatt med jubelbrus av både anmeldere og publikum. Takket være den glimrende skiva. Team Me er i år nominert til [...]

  7. [...] Listas kanskje største overraskelse? Elverumsbandet har riktignok hatt et strålende år hvor den kronglete tituerte, men likefullt strålende “With My Hands Covering Both My Eyes..” har blitt spilt mye på radio og hvor bandet gradvis har bygget et solid liverykte her hjemme, såvel som i utlandet. Belønningen er altså en sjetteplass på lesernes årsbeste-liste med kun Kaizers foran seg av norske utgivelser. Les vår anmeldelse av To the Treetops! her. [...]

Legg igjen en kommentar