Amy Winehouse. Promobilde.

Amy Winehouse. Promobilde.

Amy Winehouse 1983-2011

I dag blir Amy Winehouse gravlagd. Musikk-vener uttrykkjer si sorg og medkjensle.

Skrevet av:
Publisert 13:50 26 juli, 2011

Amy Winehouse blir stedt til kvile i dag, tysdag (26. juli). Hennar talsmann har sagt at det berre vil vere familie og vener til stades under seremonien, men det blir ikkje sagt kvar ho skal begravast.

Ho var kjend for si kraftige og djupe stemme. Sjølv om ho hadde røter i jazzen, vart ho etter kvart ei souldiva som laga musikk med referansar til gamal soul og Motown. Winehouse vart også etter kvart kjend for sitt rusmisbruk og hanglande livsstil.

Winehouse blei funnen livlaus i leiligheten sin i Camden, London på laurdag (23. juli). Ho blei berre 27 år gamal.

Då det vart kjend at Amy Winehouse var død, kom responsen frå musikkmiljøet umiddelbart. Musikk-kollegaer verda over har utrykka si sorg og medkjensle gjennom sosiale medier desse dagane. Artistar som Mark Ronson og M.I.A. sørga på Twitter, mens Adele la ut sine tankar om dødsfallet på bloggen sin. Og dei er ikkje åleine.

Mark Ronson seier: «Ho var min musikalske sjelevenn og som ei syster for meg. Dette er ein av dei tristaste dagane i mitt liv».

Mark Ronson. Promobilete.

Mark Ronson. Promobilete.

Adele ville kanskje ikkje vore der ho var i dag utan Amy Winehouse. I eit innlegg i bloggen sin med overskrifta «Amy Flies in Paradise» seier ho blandt anna : «Amy brøyta veg for artistar som meg og gjorde folk interessert i britisk musikk igjen. Sjølv tok ho dette med knusande ro. Eg trur ikkje ho nokon gong forstod kor fantastisk og viktig ho var , men det gjer henne berre meir sjarmerande.”

Adele. Promobilete.

Diplo tek ut sin frustrasjon på twitter: «Faen!! Amy Winehouse var ei legende. Eg føler meg dårlig i dag.. Ho hadde ei stemme som ingen andre i vår generasjon. Farvel Amy».

Jaenelle Monae seier: «hjarta er tungt. Mitt hjarta går til Amy Winehouse sin familie og kjære. Ber for deira styrke i denne tida».

Music Janelle Monae. AP Photo/Jeff Christensen

Music Janelle Monae. AP Photo/Jeff Christensen

Lady Gaga seier «Amy forandra popmusikk for alltid. Eg hugsar at eg visste det var håp, og at eg ikkje følte meg åleine på grunn av henne. Ho levde jazzen. Ho levde bluesen».

Florence Welch frå Florence and the Machine uttrykkjer også si sorg: «For eit utruleg tap. Kvil i fred, Amy.. xxx me elskar deg.. Xx».

Lee Barratt frå Gallows skuldar den engelske pressa for vere ufine mot folk i medgong. Han seier i en beskjed på twitter: «Det gjer meg dårlig at media som glorifiserte Amy Winehouse sine avhengighetsproblem og dårlige oppførsel for å selje aviser, no hyller Amy Winehouse over tolv sider… Den britiske pressa er elendige på å hylle talenter og vil heller sparke folk når dei ligg nede enn å prøve å hjelpe dei for godt.»

Kelly Clarkson seier blandt anna «Ho var ei nydeleg og talentfull jente. Eg er sint. For eit bortkasta talent. Så synd at ho ikkje fann håp og fortsette å leve livet sitt på den måten. Eg har også vore så djupt nede emosjonelt og mentalt og det er overveldande. Eg spør meg sjølv kvifor nokre av oss blir spart og andre blir gjort til eksempel. Eg er svært sint og lei meg. Eg veit ikkje kvifor det plagar meg sånn. Nokre gonger trur eg denne jobben vil ta knekken på oss alle, iallefall bli den emosjonelle død for oss».

Kelly Clarkson. Promobilete.

Kelly Clarkson. Promobilete.

M.I.A. reagerte på det tragiske dødsfallet med å legge ut ein ny song. Rapparen frå Sri Lanka la ut eit spor kalla «27″, som skal vere dedisert til alle hennar vener som døydde unge. «R.I.P A.M.Y», skreiv ho på Twitter saman med ein link til songen.

Songen er ein dyster hyllest til Winehouse og andre rockestjerner (Kurt Cobain, Janis Joplin, Jimi Hendrix) som døydde i ein alder av 27. Desse vart popluært kalla «27 Club». Songen vart eigentleg skrive om ein kompis av M.I.A. som sleit med narkotikaavhengighet.


M.I.A. – 27
27 by _M_I_A_

Også Prince og Andy Allo, som er på Europaturne, tok seg tid til å hylla den avdøde stjerna med ein cover av Amy Winehouse sin song «Love Is A Losing Game». Den kan du høyre her.

Amy Winehouse – Tears Dry on Their Own

Del "Amy Winehouse 1983-2011"
 

6 kommentarer på “Amy Winehouse 1983-2011”

  1. Erik Lundesgaard sier:

    Denne saken mangler Andy Allo og Prince sin coverhyllest av Amy Winehouse med «Love Is a losing game»: http://www.thisisrealmusic.com/articles/60711/Andy_Allo_and_Prince-Love_Is_A_Losing_Game.php

  2. Takk for tips, Erik. Den er nå inkludert. Fin.

  3. Jansen sier:

    Nok et medlem til 27-Klubben. http://en.wikipedia.org/wiki/27_Club

  4. [...] Slik husker musikervennene Amy Winehouse [...]

  5. [...] ble funnet død i sitt hjem i London 23. juli, kun 27 år gammel. Varme ord har strømmet til fra artistkolleger over hele verden – og nå har Green Day laget en hyllestlåt til soulpopstjernen med den [...]

  6. [...] Les også: Hyller Amy Winehouse Amy Winehouse bisatt i stillhet Amy Winehouse 1983-2011 [...]

Legg igjen en kommentar