Langt til Ullevål

Saga mot Sogndal, det skal vera klasseskilnad uansett. Om cup er cup aldri så mykje. Rett nok har Sogndal kjempetrøbbel med å laga mål i tippeligaen, men mot Saga vil sjansane koma i hopetal. Vonleg mange nok til at Ulrik Flo, Cato Hansen og Espen Olsen kan få litt av godfølelsen att. Om dei klarar å ta det med seg opp att i tippeligaen, får me først svar på når Åge Hareide sitt Viking, også dei i trøbbel, kjem til Fosshaugane for TV-kamp neste måndag.

Statistikken syner at tre sogndalsspelarar har laga fire mål i ein og same cupkamp, Johan Johannessen, Kurt Mørkøre og Kristian Ystaas. Kanskje blir denne lista forlenga i dag?

 

Sogndal har trøbla i 1. rundekampar tidlegare. Seinast då Stryn vann 1-0 i 2007. Endå meir forsmedeleg var tapet for Eid i 1980 då tanksenter Arve Torheim senka sogndølene 3-2 på Fosshaugane. Eitt av dei 12 tapa Sogndal har opplevd i første runde sidan dei kom med første gong i 1959.

I dag er det grunn til å gratulera Saga med dagen. 1. ma er arbeidarane sin dag, og Saga-spelarane skal få jobba hardt viss dei skal makta å detonera cupbomba. Ho plar smella ein eller annan stad, så kanskje i Førde…….?

I alle fall er det ein historisk fotballkamp me blir vitne til. Førde viste i fjor at det går an å skapa trøbbel for Sogndal. I kveld er det opp til Saga å kopiera dette. Vegen til Ullevål startar i dag.

Dette innlegget ble publisert i Ukategorisert. Bokmerk permalenken.

En kommentar til Langt til Ullevål

  1. arh sier:

    Arve Torheim er vel ein av dei beste spissane S og Fj har hatt gjennom tidene, og kunne vorte større om han hadde gått til større klubbar. Ein spiss for dei store anledningane, ein type som saknas i Sogndal sitt lag i dag.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *