Maol! Maol!

Ein av dei mest ihuga Sogndal-supporterane veit å gje lyd frå seg når Sogndal har hjørnespark eller frispark i god posisjon. Maol! Maol! ljomar ut over stadion. Mot Odd Grenland bør han få med seg godt og vel 3000 på tribunane når Ulrik Flo og Co skal prøva å overlista Odd Grenland-keeperen. For no handlar det om å laga mål og skaffa dei tre første poenga! Utruleg viktig.

At det blir Ulrik Flo i fremste rekkje reknar eg som sjølvsagt. No må det tungt skyts til, og alle med eit visst forhold til Sogndal veit kva Flo betyr framfor mål. Det er kraft, spenst, luftstyrke, duellkraft og enorm vilje til å laga mål. Kort og godt eit skikkeleg uvér inne i boksen.

I tillegg må du ha kvalitetar reint fotballmessig. Dette har du Ulrik – i morgon håpar eg verkeleg at du viser oss kva som bur i deg, og at Harald Aabrekk gjev deg den tilliten du fortener. Så kan Cato Hansen eller Espen Olsen vera den lure ”reven” som luskar rundt og plukkar opp nedfallsfrukta.

Eg er like sikker på at Elvis er på bana mot Morten Fevang og Co. Sogndal har ikkje råd til å ha ein slik kapasitet sitjande på benken. Henrik Furebotn er sjølvskriven. Det betyr og at Eirik Bakke kan få litt avlastning på det han likar minst av alt, å jobba defensivt og springa etter motstandarar. Han har sin store styrke offensivt med eit klokt fotballhovud og smarte pasningar. Dette trur eg er suksessoppskrift på eit fullsett Fosshaugane.

Så Ulrik og alle i kvitt og svart:

Stao Pao!

Eller som det stod på Ullevål-plakaten i -76:

Peis Pao Kara!

Det verka det og.

Dette innlegget ble publisert i Ukategorisert. Bokmerk permalenken.

En kommentar til Maol! Maol!

  1. No folkens! Fyll opp Fosshaugane Campus i morgon mot Odd Grenland. Saftkokaradn er klare, er du klar. Vér med og støtt gutane til Aabrekk fram til siger.
    Hugs:
    Sognefjorden er stor, Sogndal større!

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *