Sogndal er tilbake i det gode selskap. Heile fotballfylket gler seg, men det er mange og store utfordringar som ventar: Skal Sogndal overleva blant dei beste, må poengsankinga starta snarast råd.
Og det er først og fremst heime på Fosshaugane det må gjerast. Sju-åtte sigrar er minimum for at Sogndal skal kunne sikre seg ny kontrakt i eliteserien. Eg trur Sogndal må slå desse laga på heimebane for å overleva:
Sarpsborg, Brann, Tromsø, Odd Grenland, Haugesund, Start, Fredrikstad og Molde i den siste og avgjerande kampen 27. november.
Det er 24 poeng, og i tillegg må laget ”stela” så mange bortepoeng som muleg, helst alle tre i Drammen allereie i serieopning på søndag. Å bryta nullen så fort som råd er dessutan viktig for å få ro i laget og tru på framtida.
Eirik Bakke og Co spring ut på Marienlyst-kunstgraset søndag, ei bane der Strømsgodset kun tapte tre kampar i fjor. Det er inga lett oppgåve. Men; Sogndal trivst godt i Drammen, og har fleire gode minne derifrå. Så kvifor ikkje starta med tre poeng og gjera alle eksperttipsa til skamme?
For dei fleste dømmer Sogndal nord og ned denne sesongen.
Ja, Sogndal har eit relativt ungt lag. Men spelarar som Per Egil Flo, Henrik Furebotn, Mats Solheim, Ulrik Flo og Even Hovland er rutinerte og vaksne ”gutar” etter fem-seks sesongar i Sogndal-drakt. Det må dei våga å visa når dei store ”gutta” kjem på besøk! Hatten i handa-mentalitet er det ikkje rom for. Litt verre blir det nok å stå rakrygga og innta sjefsrollen på Brann Stadion, Åråsen, Lerkendal og Ullevål til tider. Men det er liten grunn til å ha overdriven respekt for norsk toppfotball anno 2011.
Eirik Bakke og Harald Aabrekk er ekstremt dårlege taparar. Heldigvis. Men det kan og bli ei stor utfordring når motgangsperiodane kjem. Dårlege dommarar og 70-30-dømming, dårlege baner, dårleg vêr, motvind i begge omgangar, mishagsytringar frå publikum………..
Høyrt det før?
Motgangen kjem garantert i løpet av ein rekordlang sesong. Då må Bakke og Aabrekk skapa den stemninga som skal til for å bryta isen og snu negative tankar til positiv energi og tru på eigne ferdigheiter. For det kan bli tøft for unggutane når media startar sitt nådelause køyr, og haugen av forståsegpåarar og ekspertar i alle kanalar serverer litt fakta – men truleg mest svada og velkjent tullepreik om ”stakkars, lille Sogndal. Dere er jo for små, hvordan skal nå dette gå?” Dei første signala får me i Drammen søndag.
Treningskampar gjev berre halve sanningar. For Sogndal sin del vart det svært variable resultat i vinter. Ein tunn spelarstall og eventuelle skadar trur eg fort kan fort bli Sogndal si bane.
Likevel – med heile fjordfylket i ryggen kan dette gå bra. Så 27. november tenner me det første lyset på Fosshaugane og markerer starten på adventstida. Med Sogndal som eliteserielag også i 2012…… Stao Pao!
Om Sogndal vinn alle sine heimekamper – men taper alle bortekampane, kan dei då behalde plassen i eliteserien ?
Sleng på Godset som eitt av laga Sogndal må slå. Dei tek jo aldri poeng på skikkeleg underlag. Gler meg til gjensyn med eliteserien på Fosshaugadn.
Sogndal må ha god råd som kan setja fjorårets beste spelar på benken i serieopninga! Me må få inn att Elvis saman med Henrik og så får Aabrekk finna ein annan plass til Eirik Bakke, evt. benken.
Glem å slå Brann, håp heller på poeng mot Rosenborg.