Endeleg 16.mai !

Så er den her igjen. Fotballens nasjonaldag. 16.mai. Dagen før den skikkelege nasjonaldagen- den viktige. I kveld har Molde heimekamp mot Fredrikstad, og det vert heilt sikkert fest i Molde. Med fire av fire mulege sigrar på heimebane er «blåkvitt» storfavoritt mot «aristokratlaget». Etter 5-0 borte over Stabæk er det nok heller ingenting å seie på sjølvtilliten framfor kveldens kamp i romsdalsbyen.

Aalesunds FK fekk ikkje heimekamp i år, og må ta den vanskelege turen til Haugesund. Etter ein oppløftande heimekamp mot Strømsgodset ventar no endå ei tøff utfordring på bortebane. Stort verre enn dette vert det ikkje. Haugesund er beinharde å ta poeng mot på si humpete grasbane, langt unna det kunstgraset AaFK spelar sin beste fotball på.  Men mot Godset var det innsatsen som vart framheva av Kenta Bergersen etter kampen. Og greier dei oransje å hente ut ein solid dose av innsats også i kveld er det lov å håpe på poeng for sunnmøringane.

I 1.divisjon har Hødd skikkelege startvanskar og treng mellom fire og seks poeng på dei to neste heimekampane for ikkje å ramle heilt bakpå. I kveld er det Arne Erlandsen sitt Ullensaker/Kisa som for første gong gjestar Høddvoll. Det betyr dødballar og fysisk fotball, og høddane må langt ned i kjellaren for å finne fram finspelet og innsatsen som gjorde laget til ei overrasking i fjorårets 1.divisjon.

16.mai har vore fotballens nasjonaldag sidan tidleg på 80-talet, og har etablert seg som eit høgdepunkt for fotballfans i dei to øvste divisjonane. Publikum har svikta litt så langt i årets sesong. Kanskje vert det for mykje fotball på TV, særleg i overgangen mellom engelsk/spansk/italiensk/tysk fotball og norsk serie. Og snart kjem EM. heldigvis er det pause frå norsk fotball då, stort sett. Viss ikkje hadde vi aldri greidd å få med oss alt :-).

Publisert i Ukategorisert | Skriv en kommentar

På indre bane

Vi har både seriemeisteren og cupmeisteren. Vi ? Ja, vi i Møre og Romsdal. Fotballfylke nummer ein i landet for tida. Ingen er betre.

I over 20 sesongar har eg kommentert eliteserifotball for NRK Radiosporten. Klart flest kampar frå Molde, dei siste åra ein god del frå Ålesund og nokre frå Høddvoll i 95.

I år har eg fulgt våre to lag ganske tett særleg i kamp, også ein del på trening. Det er to konkrete opplevingar som har gitt meg lettare frysningar på ryggen som fotballpatriot. Ikkje som MFK eller AaFK-patriot, men som fotballpatriot. Begge gongene var eg på jobb for NRK på indre bane.

Fryspåryggenopplevingnummerein kom på Ullevål søndag 6.november. Ikkje var det så kaldt heller, men då AaFK-spelarane og Kjetil Rekdal tok i mot hyllesten frå AaFK-fansen etter kampen, kjende eg det gode kuldedraget starte i nakken og gå nedover ryggen. Det var rett og slett eit stort fotballøyeblikk der kjenslene til supporterane, trenaren, klubbdirektøren og spelarane fekk fløyme fritt. Eg stod midt mellom AaFK-fansen og spelarane på indre bane.

Den andre fryspåryggenopplevinga kom tre veker seinare på Aker stadion. På indre bane igjen. Heile seansen i halvtimen mellom klokka åtte og halv ni var kjensleladda, men då Ole Gunnar Solskjær kom inn på bana med spelarane på slep og tok i mot hyllesten frå over 11 000. Då kjende eg det igjen… Den lette frysninga som startar i nakken.

Fotball handlar om kjensler, i tillegg til scoringar, poeng og triumfar. Å sjå gleda i ansiktet på gamle traverar som Berg Hestad og Hoseth i Molde var godt for ein fotballjournalist som har sett desse to debutere for MFK og fulgt karrieren deira på ganske nært hald. Berg Hestad debuterte på MFK to år etter at eg «debuterte» som kommentator for Radiosporten på fotballsendingane. Både Berg Hestad og Hoseth framstår som svært gode representantar for alt det gode som fotballfylket Møre og Romsdal har fått fram dei siste tiåra. Det same gjer Rekdal og Solskjær.

Og med desse lokale fotballstorheitene på plass også i 2012 kan det verte endå meir morro for alle fotballpatriotar, også for dei som følgjer dramatikken frå indre bane….

Publisert i Ukategorisert | Skriv en kommentar

Meiningslaust myntkast

Fotball skal avgjerast på fotballbana. Ikkje på myntkast. Hødd sitt småguttelag gjekk heilt til finalen i det uoffisielle noregsmeisterskapet i fotball i helga. Kampen mot KFUM enda 0-0, og det stod 3-3 på hjørnespark. Dermed var det myntkastet som gav KFUM sigeren sjølv om trenarane ba om at det vart kåra to vinnarar.

Det finst mange betre måtar å avgjere ein slik kamp på. Til dømes å spele til første corner, eller kanskje endå betre til første scoring (Goalden goal). Eg meiner også at straffesparkkonkurranse er ti gonger betre enn myntkast. Det er sjølvsagt ikkje kjekt å vere den som bommar på straffe, men det handlar i alle fall om fotball. Du kan også bomme på straffe i kampen, gjere ei keepertabbe eller bomme på ope mål. Alt dette er ein del av fotballspelet. Det er ikkje myntkast.

La oss derfor sleppe dette systemet  i framtida anten det er i ein NM-finale for 13-åringar eller i ei stor turnering som Norway Cup.

I går heldt Molde på å tape kampen mot Brann i Eliteserien fordi flomlyset ikkje funka. Retningslinjer frå UEFA seier at om kampen ikkje kjem i gang 45 minutt etter det annonserte avsparket så vinn bortelaget kampen. Heldigvis kom lyset i tide og vi fekk sjå ein intens og spennande kamp.

Brann-sjefen sa etter kampen til journalistane at fotballkampar skal avgjerast på fotballbana. Betre kan det ikkje seiast.

Publisert i Ukategorisert | 2 kommentarer

Lang reise i Europa

Aalesunds Fotballklubb var i 2000-sesongen på nivå tre i norsk fotball. 11 sesongar seinare har klubben vunne cupen, tatt ein fjerdeplass i serien og spelar for andre året på rad i Europa. Den aller siste utviklinga skal Kjetil Rekdal ha ein god del av æra for, men AaFK har bygd klubben steg for steg gjennom desse åra, sidan det første opprykket til Eliteserien hausten 2002.

No kan klubben vere i ferd med å bryte endå ein barriere, kvalifisere seg til eit sluttspel i Europacupen, eller Europaligaen som det heiter no. Men før det vert ein realitet vert det fleire lange reiser gjennom Europa. Åtte kampar må klubben gjennom før gruppespelet i Europaligaen eventuelt ventar.

Der er det pengar og sportslege utfordringar å hente i søkk og kav. Spørsmålet er berre om dette går ut over serie og cup her heime. Akkurat no ligg AaFK i tetsjiktet i Eliteserien, skal spele kvartfinale i NM (13.august mor RBK) og er framleis med i kvalifiseringa til E-ligaen. Isolert sett er dette ein stor prestasjon.

Bildet kan sjølsagt vere snudd i løpet av nokre få veker, men inntil vidare kjempar tangotrøyene på tre frontar. Før returkampen mot ungarske Ferencvaros komande torsdag er utgangspunktet overkomeleg. 1-0 siger er nok for AaFK. Det BØR kunne gå. I så fall er det 3.kvalifiseringsrunde med kampar 28.juli og 4.august. Skulle AaFK kome over også det hinderet er det play-off kampar 18. og 25.august…. Som ein forstår: Det vert ikkje mangel på utfordringar for AaFK i vekene som kjem.

Nettopp dette tøffe kampprogrammet over så lang tid gjer at det nesten vil vere ei umuleg oppgåve for AaFK å kome over alle desse hindera, men barrierar er til for å brytast. Det har Kjetil Rekdal & Co bevist før, og kan gjere det igjen- men då må alle gode marginar vere på sunnmøringane si side. Det gjenstår å sjå.

Publisert i Ukategorisert | 1 kommentar

Kven kjem etter Mame og Pape ?

Molde Fotballklubb er på nytt i posisjon til seriegull, sjølv om manager Ole Gunnar Solskjær ikkje vil snakke om slikt midt på sommaren- fornuftig nok.

Etter fire scoringar mot AaFK og 12 mål totalt så langt i år er Pape Pate Diouf borte vekk. Er dermed også gullsjansane borte ? Sjølvsagt ikkje. Molde har i år rotert på laget og har spelt gode kampar også utan at Pape har scora mål. Måten MFK spelar fotball på er overordna enkeltspelarar, til og med toppscoraren.

Molde spelar fotball langs bakken. Presise pasningar, hurtige overgangar, uventa og geniale pasningar frå Thioune og Eikrem til løpsvillege spissar som Angan, Chima og Diouf. No er den siste av dei ferdig i blåkvitt, men når ein er borte kan ein annan få hovudrolla. Pape Pate Diouf var lenge i skuggen av Mame Biram Diouf.  No er det kanskje duka for ein ny hovudrolleinnehavar i MFK si angrepsrekke. Davy Claude Angan kan vere den mannen. Sju scoringar så langt i år og klar framgang frå i f jor. No har han sjansen til å ta det siste steget mot hovudrolla.

Om Molde held fram med å spele fotball som dei til tider har gjort i år, og Angan finn rolla si som sjef i angrepsrekka, er det slett ikkje umuleg at MFK kan ta edelt metall i år.

Eit anna moment er at Børre Steenslid kan vere på plass i midtforsvaret mot slutten av sommaren. Dermed har Molde styrka ein annan viktig lagdel . Noko som er vel så viktig som det offensive.

Sjølv om Rosenborg og kanskje Vålerenga ser ut til å vere på gang (medan Tromsø vaklar), er det ingen grunn til at dette ikkje kan verte Molde sin sesong. Og for ein debut det ville vere for Ole Gunnar Solskjær, om det vart gull i Molde sin jubileumssesong.

Med pengar på bok og mange gode spelarar i stallen er sjansen der framleis, sjølv om mange MFK-fans nok var skuffa i går. Allereie søndag kan MFK bevise at dei greier seg utan Pape Pate Diouf.

Ein overbevisande kamp mot Haugesund og vegen ligg open ut over seinsommaren og hausten.

Publisert i Ukategorisert | Skriv en kommentar

Fornuft og kjensler

Kvar går grensa for kva ein kan skrive på eit diskusjonsforum ? Det spørsmålet er det relevant å stille til ein del fotballtilhengarar etter at  dei sterke fotballkjenslene mellom Molde og Ålesund på nytt kom  til overflata denne veka. Ein ting er at MFK knuste AaFK 5-2 søndag kveld, men at dei oransje fekk kritikk frå MFK-leiren fordi mange forlet stadion mange minutt før slutt fekk begeret til å flyte over.

På det eine diskusjonsforumet etter det andre har meir eller mindre oppegåande fotballsupporterar anonymt rakka ned i Eva-Brit Mauseth og Ole Gunnar Solskjær. Hetsen har etter kvart gått fram og tilbake over Ørskogfjellet og eskalert til eit uverdig nivå.

Samtidig viser dette den store lidenskapen mange i blått og i oransje har for sine lag, og isolert sett synest eg DET er ein god ting. Lokaloppgjera mellom AaFK og MFK løftar fotballinteressa her i fylket på eit nivå som ein knapt ser andre stader i landet. Og med ei viss cupfinale i 2009 som bakgrunnsteppe manglar det ikkje på ammunisjon og argument frå dei som vil debattere. Slik sett var det ei gåvepakke til alle desse forumfolka at Tornekrattet og Solskjær kommenterte AaFK-fansen sin flukt frå stadion på stillinga 4-2 søndag kveld.

Utviklinga med diskusjonsforum kan vanskeleg reverserast. Eit krav om at alle skal skrive med fullt namn verkar urealistisk. Derfor er det ekstra viktig at dei som skriv på Speakers Corner, Tornekrattet sitt forum, Smp.no eller på vår eiga side, nrk.no/mr, greier å bruke ein spiss penn med snert, humor og ironi utan at ein dermed går til personangrep og strør om seg med uverdige karakteristikkar av enkeltpersonar.

Det er sannsynlegvis ønsketenking at folkeskikk og respekt for kvarandre skal verte gjennomgangsmelodien i kommunikasjonen mellom supportergruppene i framtida, men det kan vere lov å håpe.  Samtidig er det fantastisk kjekt med dette lidenskaplege engasjementet rundt verdas vakraste idrett.  28.august er det klart for ein ny duell mellom erkerivalane, denne gongen i Ålesund. Eg gler meg !

Publisert i Ukategorisert | 1 kommentar

Ole Gunnar eller Kjetil ?

Nokre timar før dei to beste laga i Møre og Romsdal barkar saman i sjøkanten i Molde, på landets vakraste stadion, stiller eg meg spørsmålet: Kven likar eg best ? Ole Gunnar eller Kjetil.

Som fersk NRK-journalist intervjua eg Kjetil Rekdal første gong i april 1988. Då var han, som 19-åring, allereie ein etablert toppspelar på Molde Fotballklubb. Det har blitt mange intervju etter dette, både via telefon og ansikt til ansikt.

Mitt inntrykk av Kjetil Rekdal er at han er ein perfeksjonist, ein mann som har eit lidenskapleg og nært forhold til fotballen. Han er profesjonell og stiller opp når han vert spurt. Så langt er det neppe noko som overraskar folk flest. Men Kjetil Rekdal er også ein svært hyggeleg person. Ein mann som som før og etter trening er i godt humør, fleipar med støtteapparat, spelarar og med journalistar. Rett og slett ein hyggeleg kar. Langt ifrå bildet mange har danna seg av han som ein surpomp. Kjetil Rekdal er rett og slett ein vinnarskalle, for å bruke eit moderne uttrykk. Han gjer alt han kan for at laget hans skal vinne. Og jammen har han hatt sukess også- både som spelar og trenar. Med all respekt å melde: Aalesunds FK hadde ikkje hatt den posisjonen dei har i dag hadde det ikkje vore for Kjetil Rekdal. Han kan sjølsagt ikkje ta all æra, til det er det for mange andre dyktige spelarar, lagleiarar og tillitsvalde i klubben. Kjetil Rekdal er også eit intervjuobjekt som «gir av seg sjølv». Han leverer gode svar, som gjer det interessant å høyre på. Og det skadar heller ikkje at han er ein stor Leeds-supporter !

Ole Gunnar Solskjær intervjua eg første gong då han kom til Molde frå Clausenenga. Det måtte ha vore vinteren 1994/95. I løpet av halvannan sesong i Molde vart det mange intervju med den beskjedne, men svært sympatiske «ungdomen» frå Kristiansund. Solskjær hadde ein fantastisk status i Molde då han forlet klubben i august 1996. Alle i miljøet ville han alt godt då han tok turen til Manchester United. Historia derifrå kjenner alle. No er han tilbake i Molde og har noko stort på gang i Rosenes by. Det var ikkje mange intervjua eg gjorde med Solskjær i perioden september 1996 til januar 2011, men mannen hadde ikkje endra seg stort. I alle fall ikkje i forholdet til journalistar. Framleis svært imøtekomande og hyggeleg(ikkje like tilgjengeleg som for 15 år sidan, rett nok).  Også han ein som gir gode svar i intervjua. Det er interessant å høyre Solskjær snakke om fotball. Uansett om ein likar det eine eller det andre laget : Ole Gunnar Solskjær får ein uansett respekt og sympati for. Ein kjernekar.

Møre og Romsdal har to gode fotballag i Molde FK og Aalesunds FK. 100-åringen og 97-åringen held seg svært godt og spelar i kveld tilnærma ein toppkamp i norsk Eliteserie. Og på trenarbenkane: To av dei mest profilerte norske fotballpersonlegheitene gjennom tidene. Verken meir eller mindre. Om eg likar Solskjær eller Rekdal best ? Eg seier som Ole Brumm: Ja, takk til begge deler…

Publisert i Ukategorisert | Skriv en kommentar

Klubbdrakter og historie

Molde Fotballklubb feirar 100 år om kort tid, og i høve dagen skal dei spele i RETRO-drakter i seriekampen mot Sogndal på heimebane. Kjøp og sal av så kalla «replica»-drakter er storbutikk i mange land, også til ein viss grad her heime. Kritikarane meiner at enkelte  lag, ikkje minst i England, skifter drakter oftare enn folk flest skiftar skjorte. Og den einaste grunnen: Å få meir pengar i kassa.

Alle klubbar har ei heimedrakt og ei så kalla bortedrakt. Dei siste åra har fleire klubbar også fått tredjedrakter og andre drakter til spesielle kampar, jubileum og arrangement.

Norske fotballdrakter er etter mi meining mykje styggare enn mange utanlandske. Årsaka til at eg meiner det er at draktene her heime er overlessa med reklame  både foran og bak. Det beste unnataket er Vålerenga si. Den er meir stilrein enn dei fleste andre norske drakter.

Den norske landslagsdrakta er kjær for mange. Då fotballforbundet ville erstatte «flagget på brystet» med ein nyutvikla crest eller logo vart det ramaskrik. Landets største avis køyrde kampanje og dåverande landslagssjef Åge Hareide protesterte heftig mot dei nye draktene. Dermed måtte NFF krype til korset og selje alle dei opptrykte replica-draktene på billegsal.

I England går dei fleste tilhengarane med klubbdrakta til sitt favorittlag på kampane, og gjerne elles også. Ei undersøking ein gong viste at Newcastle hadde dei mest trufaste tilhengarane, der 70 prosent av heimesupporterane brukte klubbdrakta på kamp. Tradisjonen er ikkje like sterk her heime, men har tatt seg mykje opp dei siste åra.

Mange samlar på drakter, ikkje berre av favorittklubben sin. Underteikna har om lag 200 drakter i skuffer og skap heime. 60 av desse er Leeds United-drakter.

Lykke til med jubileet og med RETRO-drakta, Molde FK.

Publisert i Ukategorisert | 1 kommentar

Streik utan sympati ?

Fotballspelarane er i streik. Dette er sjeldan kost, og følgjene kan verte at fleire kampar i Eliteserien vert utsette på ubestemt tid. Fotballforbundet må saman med klubbane finne ut kva som skjer med søndagens serierunde.

I AaFK var det hektisk møteverksemd då vi var innom no i føremiddag. Ingen veit noko heilt sikkert i skrivande stund.

Vil supporterane og folk flest ha sympati med spelarane som streikar ? På den eine sida er dette høgt betalte unge menn som får leve ut draumen sin og som på mange måter sit på den gyldne greina. På ei anna side kan heller ikkje spelarane finne seg i kva som helst. Kven ville til dømes ha godtatt null sommarferie ? Eller  ville du ha godtatt at areidsgjevaren din nekta deg å bruke det arbeidsutstyret som passa deg best ?

Heilt frå mi eiga tid som fotballspelar for fleire tiår sidan kan eg hugse spelarar som reiv av Adidas-stripene på skoa sine og sydde på Hummel-merke, for å få spele med det fottøyet som passa dei best. På akkurat dette punktet har det vore lite framdrift i norsk fotball. I dei fleste, ikkje alle, norske toppklubbar må spelarane bruke det utstyret som klubben har avtale med. For AaFK og Molde FK betyr det Umbro-sko.

Norsk fotball har i grunnen ikkje tid til streik no i mai, eller seinare i året. Kampprogrammet er tett som hagl. Ei løysing med å stryke ei heil serierunde frå terminlista vil heller ikkje vere god reklame for merkevara norsk fotball.  Den einaste løysinga som er fornuftig er å finne ei løysing, og det så fort som råd…

I fjor var eg på seminar i London og besøkte mellom anna den engelske spelarorganisasjonen (PFA), med tidlegare West Ham-proff, Bobby Barnes, som leiar for avdelinga i den engelske hovudstaden.

Han fortalde at PFA trua med å ta ut spelarane i streik i 2001 då organisasjonen ikkje fekk ein så stor del av pengane frå TV-kaka som dei ville ha. PFA har no prosentar frå TV-avtalen mellom Premier League og Sky Sports til ein verdi av 22 millionar pund kvart år. For å oppnå denne avtalen måtte PFA true med streik. Premier League  ville nemleg gi berre om lag fem millionar pund, noko spelarane sin organisasjon meinte var alt for lite. Trusselen om streik var altså nok til at beløpet vart vesentleg oppgradert, og er altså i dag på over 200 millionar kroner. I året. Noko å tenke på…

Publisert i Ukategorisert | 5 kommentarer

Tøff mai

Åtte kampar på 29 dagar. Både Molde og AaFK er midt inne i den tøffaste perioden av årets sesong akkurat no, med fem seriekampar og tre cupkampar. Resultata 16.mai tyder på at våre to topplag taklar dette godt- så langt.

Både Ole Gunnar og Kjetil får godt bruk for ein god A-stall denne månaden. Særleg i dei to første cuprundene var det muleg for trenarane å sleppe til litt fleire enn dei mest «faste». I dag er det to dagar sidan 16.mai-kampane, og i morgon er det ny runde i serien, og søndag er det jammen endå ei runde.

Her vert det viktig for trenarane å få restituert spelarane mellom slaga. Den som unngår skadar og har det beste støtteapparatet kan ha fordelar når kampprogrammet er så tett som i mai.

Kampane 16.mai viste at begge våre lag kan kjempe heilt i toppen. Om MFK får orden på forsvarsspelet sitt er dei å rekne med i tetsjiktet ut over i sesongen. AaFK er for andre år på rad heilt der oppe. Imponerande ! Etter like mange kampar i fjor hadde tangotrøyene eitt poeng meir, men no deler AaFK førsteplassen med fire andre lag. Det er ingen grunn til at verken MFK eller AaFK skal sjå seg tilbake. Her er det berre å køyre på og satse på at poenga renn inn.

Molde mot Fredrikstad i morgon er ein godbit. Begge laga imponerte for to dagar sidan. Her ligg det an til eit fyrverkeri av  ein fotballkamp. AaFK imponerte borte mot Start. No er det ein ny tøff bortekamp i Sarspborg, men Kjetil & Co kan slå kven som helst, også sterke heimelag.

Vi kryssar fingrane for at poengfangsten held fram både i morgon og søndag ! Heia Møre og Romsdal !

Publisert i Ukategorisert | Skriv en kommentar