Fotballspelarane er i streik. Dette er sjeldan kost, og følgjene kan verte at fleire kampar i Eliteserien vert utsette på ubestemt tid. Fotballforbundet må saman med klubbane finne ut kva som skjer med søndagens serierunde.
I AaFK var det hektisk møteverksemd då vi var innom no i føremiddag. Ingen veit noko heilt sikkert i skrivande stund.
Vil supporterane og folk flest ha sympati med spelarane som streikar ? På den eine sida er dette høgt betalte unge menn som får leve ut draumen sin og som på mange måter sit på den gyldne greina. På ei anna side kan heller ikkje spelarane finne seg i kva som helst. Kven ville til dømes ha godtatt null sommarferie ? Eller ville du ha godtatt at areidsgjevaren din nekta deg å bruke det arbeidsutstyret som passa deg best ?
Heilt frå mi eiga tid som fotballspelar for fleire tiår sidan kan eg hugse spelarar som reiv av Adidas-stripene på skoa sine og sydde på Hummel-merke, for å få spele med det fottøyet som passa dei best. På akkurat dette punktet har det vore lite framdrift i norsk fotball. I dei fleste, ikkje alle, norske toppklubbar må spelarane bruke det utstyret som klubben har avtale med. For AaFK og Molde FK betyr det Umbro-sko.
Norsk fotball har i grunnen ikkje tid til streik no i mai, eller seinare i året. Kampprogrammet er tett som hagl. Ei løysing med å stryke ei heil serierunde frå terminlista vil heller ikkje vere god reklame for merkevara norsk fotball. Den einaste løysinga som er fornuftig er å finne ei løysing, og det så fort som råd…
I fjor var eg på seminar i London og besøkte mellom anna den engelske spelarorganisasjonen (PFA), med tidlegare West Ham-proff, Bobby Barnes, som leiar for avdelinga i den engelske hovudstaden.
Han fortalde at PFA trua med å ta ut spelarane i streik i 2001 då organisasjonen ikkje fekk ein så stor del av pengane frå TV-kaka som dei ville ha. PFA har no prosentar frå TV-avtalen mellom Premier League og Sky Sports til ein verdi av 22 millionar pund kvart år. For å oppnå denne avtalen måtte PFA true med streik. Premier League ville nemleg gi berre om lag fem millionar pund, noko spelarane sin organisasjon meinte var alt for lite. Trusselen om streik var altså nok til at beløpet vart vesentleg oppgradert, og er altså i dag på over 200 millionar kroner. I året. Noko å tenke på…
Som «fagforeiningsmann» tenkte eg umiddelbart at dette er ein streik det skal bli vanskeleg å få sympati for. Men når vi kjenner det nesten grenselause engasjementet mange nordmenn har for fotball, så oppnår kanskje NISO det dei vil, nemleg å sette press på klubbane. Det er sjølsagt viktig også å huske at konflikta handlar om meir enn berre sko, noko du også peiker på, Arne. Og det å be om minst ei veke samanhengande fri på sommaren, har eg mykje større sympati for enn «sko-kravet».
For Noe tull dette er. Fotballspillere jobber 2 timer pr dag og kjenner langt over snitt men klage skal de!!!!! Jeg vil herved selge mitt sesong kort og si opp mitt tv2 fotball abonement jeg har bestemt meg for at mine penger ikke lenger skal gå til en gjeng bortskjemte drittunger. PS FERIE!!!!! Hva er dette dere har jo fri i flere måneder!
Nei no må noen sette ned foten.
hva med første divisjon og andre divisjon der folk har jobb + fotball hører noen de grine over fotballsko eller ferie ! For noen bortskjemte mennesker Jeg har absolutt ingen sympati med denne gjengen
Med millionlønn,»fri» hele vinteren osv. skulle jeg jobbet hele sommeren i ganske vonde sko. Dette blir for dumt. Det er ikke mange vanlige arbeidsfolk om har egne agenter, millionkontrakter++. Det er jo ikke akkurat tariff dette, hvis dette er viktig så burde det komme frem under kontraksforhandlingene, alle spillerne har vel skrevet under på en kontrakt? Skulle desse kravene bli innfridd må det vel nye forhandlinger til, for her taper klubbene mye penger!
Jeg hadde avtale med 3 store kunder som ønskegt og se afk. Men spillerne ønsker vel ikke at klubben skal ha sponsorer