På indre bane

Vi har både seriemeisteren og cupmeisteren. Vi ? Ja, vi i Møre og Romsdal. Fotballfylke nummer ein i landet for tida. Ingen er betre.

I over 20 sesongar har eg kommentert eliteserifotball for NRK Radiosporten. Klart flest kampar frå Molde, dei siste åra ein god del frå Ålesund og nokre frå Høddvoll i 95.

I år har eg fulgt våre to lag ganske tett særleg i kamp, også ein del på trening. Det er to konkrete opplevingar som har gitt meg lettare frysningar på ryggen som fotballpatriot. Ikkje som MFK eller AaFK-patriot, men som fotballpatriot. Begge gongene var eg på jobb for NRK på indre bane.

Fryspåryggenopplevingnummerein kom på Ullevål søndag 6.november. Ikkje var det så kaldt heller, men då AaFK-spelarane og Kjetil Rekdal tok i mot hyllesten frå AaFK-fansen etter kampen, kjende eg det gode kuldedraget starte i nakken og gå nedover ryggen. Det var rett og slett eit stort fotballøyeblikk der kjenslene til supporterane, trenaren, klubbdirektøren og spelarane fekk fløyme fritt. Eg stod midt mellom AaFK-fansen og spelarane på indre bane.

Den andre fryspåryggenopplevinga kom tre veker seinare på Aker stadion. På indre bane igjen. Heile seansen i halvtimen mellom klokka åtte og halv ni var kjensleladda, men då Ole Gunnar Solskjær kom inn på bana med spelarane på slep og tok i mot hyllesten frå over 11 000. Då kjende eg det igjen… Den lette frysninga som startar i nakken.

Fotball handlar om kjensler, i tillegg til scoringar, poeng og triumfar. Å sjå gleda i ansiktet på gamle traverar som Berg Hestad og Hoseth i Molde var godt for ein fotballjournalist som har sett desse to debutere for MFK og fulgt karrieren deira på ganske nært hald. Berg Hestad debuterte på MFK to år etter at eg «debuterte» som kommentator for Radiosporten på fotballsendingane. Både Berg Hestad og Hoseth framstår som svært gode representantar for alt det gode som fotballfylket Møre og Romsdal har fått fram dei siste tiåra. Det same gjer Rekdal og Solskjær.

Og med desse lokale fotballstorheitene på plass også i 2012 kan det verte endå meir morro for alle fotballpatriotar, også for dei som følgjer dramatikken frå indre bane….

Dette innlegget ble publisert i Ukategorisert. Bokmerk permalenken.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *