Fotball skal avgjerast på fotballbana. Ikkje på myntkast. Hødd sitt småguttelag gjekk heilt til finalen i det uoffisielle noregsmeisterskapet i fotball i helga. Kampen mot KFUM enda 0-0, og det stod 3-3 på hjørnespark. Dermed var det myntkastet som gav KFUM sigeren sjølv om trenarane ba om at det vart kåra to vinnarar.
Det finst mange betre måtar å avgjere ein slik kamp på. Til dømes å spele til første corner, eller kanskje endå betre til første scoring (Goalden goal). Eg meiner også at straffesparkkonkurranse er ti gonger betre enn myntkast. Det er sjølvsagt ikkje kjekt å vere den som bommar på straffe, men det handlar i alle fall om fotball. Du kan også bomme på straffe i kampen, gjere ei keepertabbe eller bomme på ope mål. Alt dette er ein del av fotballspelet. Det er ikkje myntkast.
La oss derfor sleppe dette systemet i framtida anten det er i ein NM-finale for 13-åringar eller i ei stor turnering som Norway Cup.
I går heldt Molde på å tape kampen mot Brann i Eliteserien fordi flomlyset ikkje funka. Retningslinjer frå UEFA seier at om kampen ikkje kjem i gang 45 minutt etter det annonserte avsparket så vinn bortelaget kampen. Heldigvis kom lyset i tide og vi fekk sjå ein intens og spennande kamp.
Brann-sjefen sa etter kampen til journalistane at fotballkampar skal avgjerast på fotballbana. Betre kan det ikkje seiast.
Reglane frå NFF, som arrangør må fylgje, er klare. I turneringar/cupar for denne aldersklassa kan ein velge mellom å kåre to vinnarar eller agjere kampen ved myntkas. Dette skal kome fram i regelverket for turneringa/cupen.
Ein kan ikke innføre straffesp.konkurranse eller andre løysingar som stir mot gjeldande reglar.
Det er klubbane i Norge som vedtek reglane og dersom dei ynskjer desse endra må det skje på komande forbundsting.
Reglane er pr. i dag slik:
Turneringer arrangert av klubber og kretser:
§10-7 Avgjørelse av kamper som fortsatt står uavgjort etter ekstraomgangene
(1) Arrangøren skal i turneringsreglementet ha bestemmelser om hvordan kamper avgjøres når det fortsatt står uavgjort etter ekstraomgangene.
(2) I klassene senior, junior, gutt og jente avgjøres kampene på én av følgende måter:
– ved straffesparkkonkurranse
– ved loddtrekning
– ved at det berammes omkamp. Er den første kampen spilt på et av lagenes bane, skal den nye kampen spilles på det andre lags bane hvis annet ikke er bestemt.
(3) I klassene smågutt og småjente vinner det lag som har flest hjørnespark. Er resultatet fortsatt likt, skal avgjørelse skje ved loddtrekning, men arrangøren kan i stedet velge å kåre to vinnere.
Dette er det mest idiotiske jeg noen sinne har hørt. Dersom to hoppere står med 275,5 poeng etter en OL-finale, blir det loddtrekning da??? Selvsagt NEI! De blir begge vinnere og begge får GULL
Skulle ikke tro at voksne folk fikk seg til å lage slike regler.