Så er den her igjen. Fotballens nasjonaldag. 16.mai. Dagen før den skikkelege nasjonaldagen- den viktige. I kveld har Molde heimekamp mot Fredrikstad, og det vert heilt sikkert fest i Molde. Med fire av fire mulege sigrar på heimebane er «blåkvitt» storfavoritt mot «aristokratlaget». Etter 5-0 borte over Stabæk er det nok heller ingenting å seie på sjølvtilliten framfor kveldens kamp i romsdalsbyen.
Aalesunds FK fekk ikkje heimekamp i år, og må ta den vanskelege turen til Haugesund. Etter ein oppløftande heimekamp mot Strømsgodset ventar no endå ei tøff utfordring på bortebane. Stort verre enn dette vert det ikkje. Haugesund er beinharde å ta poeng mot på si humpete grasbane, langt unna det kunstgraset AaFK spelar sin beste fotball på. Men mot Godset var det innsatsen som vart framheva av Kenta Bergersen etter kampen. Og greier dei oransje å hente ut ein solid dose av innsats også i kveld er det lov å håpe på poeng for sunnmøringane.
I 1.divisjon har Hødd skikkelege startvanskar og treng mellom fire og seks poeng på dei to neste heimekampane for ikkje å ramle heilt bakpå. I kveld er det Arne Erlandsen sitt Ullensaker/Kisa som for første gong gjestar Høddvoll. Det betyr dødballar og fysisk fotball, og høddane må langt ned i kjellaren for å finne fram finspelet og innsatsen som gjorde laget til ei overrasking i fjorårets 1.divisjon.
16.mai har vore fotballens nasjonaldag sidan tidleg på 80-talet, og har etablert seg som eit høgdepunkt for fotballfans i dei to øvste divisjonane. Publikum har svikta litt så langt i årets sesong. Kanskje vert det for mykje fotball på TV, særleg i overgangen mellom engelsk/spansk/italiensk/tysk fotball og norsk serie. Og snart kjem EM. heldigvis er det pause frå norsk fotball då, stort sett. Viss ikkje hadde vi aldri greidd å få med oss alt :-).