Åtte kampar på 29 dagar. Både Molde og AaFK er midt inne i den tøffaste perioden av årets sesong akkurat no, med fem seriekampar og tre cupkampar. Resultata 16.mai tyder på at våre to topplag taklar dette godt- så langt.
Både Ole Gunnar og Kjetil får godt bruk for ein god A-stall denne månaden. Særleg i dei to første cuprundene var det muleg for trenarane å sleppe til litt fleire enn dei mest «faste». I dag er det to dagar sidan 16.mai-kampane, og i morgon er det ny runde i serien, og søndag er det jammen endå ei runde.
Her vert det viktig for trenarane å få restituert spelarane mellom slaga. Den som unngår skadar og har det beste støtteapparatet kan ha fordelar når kampprogrammet er så tett som i mai.
Kampane 16.mai viste at begge våre lag kan kjempe heilt i toppen. Om MFK får orden på forsvarsspelet sitt er dei å rekne med i tetsjiktet ut over i sesongen. AaFK er for andre år på rad heilt der oppe. Imponerande ! Etter like mange kampar i fjor hadde tangotrøyene eitt poeng meir, men no deler AaFK førsteplassen med fire andre lag. Det er ingen grunn til at verken MFK eller AaFK skal sjå seg tilbake. Her er det berre å køyre på og satse på at poenga renn inn.
Molde mot Fredrikstad i morgon er ein godbit. Begge laga imponerte for to dagar sidan. Her ligg det an til eit fyrverkeri av ein fotballkamp. AaFK imponerte borte mot Start. No er det ein ny tøff bortekamp i Sarspborg, men Kjetil & Co kan slå kven som helst, også sterke heimelag.
Vi kryssar fingrane for at poengfangsten held fram både i morgon og søndag ! Heia Møre og Romsdal !