Hipp hurra for 16.mai ! Ja, for fotballfolket er det faktisk slik. Dagen før nasjonaldagen er fotballen sin festdag. Det har alltid vore kamp om å få heimebane denne dagen. Også våre to lokale topplag har nok pressa på ein del for å få til dette. I år er det AaFK som er «vinnaren». I kveld er serieleiar Strømsgodset gjestar i Ålesund. Molde derimot må til Lillestrøm for å spele 16.maikamp på Åråsen.
Sidan 1982-sesongen har norsk fotball hatt fast serierunde på 16.mai, og etter kvart har dette vorte ein godt innarbeidd tradisjon med ein folkefest mange stader i landet. Ein 16.maikamp i 1985 mellom Rosenborg og Bryne samla 25 000 tilskodarar og viste til fulle publikumspotensialet i denne kampdatoen.
AaFK, som har heimekamp i kveld, har hatt to 16.mai-kampar på eiga bane tidlegare. Det var i 2003 (1-1 mot Viking) og i 2009 (2-0 over Lyn). Meir interessant er det kanskje å merke seg at AaFK 16.mai 2007 slo kveldens motstandar, Strømsgodset, heile 4-0 på Marienlyst i Drammen !
Molde har hatt heimekamp 16.mai seks gonger i løpet av dei 10 siste sesongane dei har vore i Eliteserien, og slo Haugesund 2-1 på heimebane i fjor.
Folk flest er nok i ekstra godt humør dagen før 17.mai og i modus for gode opplevingar. Russen set også sitt preg på arenaene i Eliteserien og 1.divisjon denne kvelden, og er med på å skape den gode stemninga.
Statistikkar viser også at lag som har heimekamp 16.mai har større sjanse til å vinne enn på heimekampar elles i året. Ikkje rart det er attraktivt å få heimekamp denne dagen. Så hipp hurra for AaFK og Molde FK i kveld. La oss håpe på full pott for våre lag og at spelarane dermed kan gå under klubbfanen med ei god kjensle i morgondagens 17.maitog!