Kjørte seg tom på truger

Turtagrø, 10. februar: Ein trimmar frå Sunnfjord fekk seg ei stygg overrasking då han la i veg innover Sognefjellet på truger denne veka. Les videre

Publisert i Ukategorisert | Skriv en kommentar

Kvinne nesten mosa

Tirsdag 2. februar: Ei uskuldig kvinne som gjekk ein rusletur mot Kvinnefallet vart nesten mosa, då ein trimmar i supertungvekt-klassen i supersonisk fart kom over ein bakketopp. Sjå dei dramatiske bildene, filma med trimmaren sitt eige kamera, såkalla OJ-cam:

[transcoded id=34]

Publisert i Ukategorisert | Skriv en kommentar

Får beskjed om å roe ned

Mandag 1. februar: I går greip min personlege trenar Jo Inge Gåsvær, inn, og eg fekk beskjed om å roe kraftig ned. Eg gjengir heile mailen hans her: Les videre

Publisert i Ukategorisert | 1 kommentar

Verre og verre

Søndag 31. januar: Nei, nu, altså. I dag var det riktig nok noko tråare føre, så treigt som det i det heile tatt blir, faktisk, med Les videre

Publisert i Ukategorisert | Skriv en kommentar

Møtte veggen

Fredag 29. januar:

Nyglida ski, ja vel. Supergli, jada. Men overskot? Krefter? Rann burt som i ein bekk, for å sitere Torsheim.  I kveld gjekk eg rundt Gjøsetstølen på 1 t 33 minutt. Og det var blytungt. Eg kom på i bilen på vei oppover (kl. 1730) at eg hadde ikkje ete sidan klokka tolv. Leita i bilen etter ein attgløymt sjokolade eller noko, men niks. Heldt koken greit inn til Gjøset, men då føltes det om om eg punkterte. Opp Gjøsetbakken (vel ein kilometer) gjekk det på luft og rein vilje. Alt for lite av det første, og akkurat nok av det andre.

I Kvinnefallet (to korte, bratte kneikar) måtte eg ned i regelrett snegletempo.

Og så den tida! Dette tilsvarer ei 5km-tid på 39 minutt, altså dårlegast sidan eg starta denne bloggen. Og det med nyglida ski. Dette var så ille at eg håpar det betyr at noko blir tilsvarande bra.291220091154

Publisert i Ukategorisert | 3 kommentarer

Pass opp, lydmuren!

Torsdag 28. januar:

Ja, no skal det bokstavelig talt bli fart på sakene. Eg har lenge visst kor glideren min var, kor børsten og fiberpapiret og strukturpapiret og smørebenken og alt det der var. Det låg og flaut på benken i garasjen, alt saman. Men smørejernet mitt? Det kasserte strykejernet som eg har kjøpt på Fretex for femti kroner? Kooooor eeeer deeeet!!!! Har eg sagt til meg sjølv fleire gonger. Men no har eg funne det. Så no skal det glidast ski, og eg skal få supergli, og i morgon tenker eg det blir snakk om å bryte lydmuren. [transcoded id=25]

Publisert i Ukategorisert | 1 kommentar

Hu hei, kor det går!

Onsdag 27. januar:

No kjem formen seg, folkens!

I dag gjekk eg 10,1 km på 1 time og 1 minutt. Det gir ei 5 km-tid på 30,30. Altså ei forbetring på 3,30 frå førebels bestenotering, og 6,30 bedre enn Les videre

Publisert i Ukategorisert | Skriv en kommentar

Sprengt fettklump angrar

Mandag 25. januar:

Eg gjekk for hardt fredag. Det der skal eg ikkje gjere fleire gonger. Eg var så gåen at eg kom meg ikkje til att heile kvelden. Det er klart at når du føler at ryggen din held på å knekke, så burde det ringe ei klokke ein eller annan stad. Men eg høyrte ho vel ikkje for berre øyresus. Les videre

Publisert i Ukategorisert | Skriv en kommentar

Ny pers!

Fredag 22. januar:

Gjekk 5 km så hardt eg greidde, heilt frå start. Brukte 33 minutt, fire mindre enn veka før. Likt føre, kaldt, tørt og trått. Brukte nok meir krefter enn veka før, men det var rett og slett fordi eg hadde meir krefter å bruke.  I siste kneika opp til toppen i femmaren var det akkurat som om korsryggen min ikkje ville bere meg lenger. Då må eg vel kunne seie Borg 17 (sjå skala under innlegget  15. januar: Treningsopplegget.

Publisert i Ukategorisert | Skriv en kommentar

Treningsdagbok pr. 3. mars

"Haren" min, Rose (10). Med slikt selskap kan du ikkje klage.

"Haren" min, Rose (10). Med slikt selskap kan du ikkje klage.

Treningsdagbok:

 Onsdag 13. januar: kl. 1300: Kondistest. 17 minutt, greit. kl. 2000: 5 km på Langeland, med Rose (10 år). 40 minutt, halvparten av det på 150 W-nivå. Med Rose blir det litt rykk og napp. Løyste svetten, men ikkje så mykje meir enn det. Les videre

Publisert i Treningsdagbok | 7 kommentarer