Rullar opp arsenalet

No rullar eg opp arsenalet: Krigen mot juleflesket er i gang. I går var eg på Coopen og lasta opp med kalorifattige delikatesser.

Bilde1084Eg gidd berre ikkje gå svolten og legge meg. Eg gidd eigentleg ikkje gå svolten eit sekund på dagen heller. Men då må ein passe på kva ein puttar i munnen. Hemmeligheten min er å stappe på med sunn mat, så det blir så lite plass til usunn mat som mogeleg.

Det einaste måltidet eg hatar, er frokost. Det smakar berre ikkje godt. Favorittfrokosten min i mange år var to koppar kaffi med honning og H-melk, og tre Petterøes 3 rullings. Den første av dei skulle helst vore rulla og røykt litt på kvelden før, så den var ekstra god og sterk, og så inntakast på toalettsetet, der du vart så svimmel at du måtte halde deg i veggen for ikkje å dette på golvet. Sinnssjukt.  Av openberre grunnar har eg måtta innsjå at dette er eit avslutta kapittel. Den einaste frokosten eg får ned no er havregryn. Dei må stå og bløyte seg litt i skummamelk, og så skyflar eg dei i meg. Tre timar seinare blir eg svolten. Då et eg eit dobbelt Ryvita Sesame knekkebrød med skinkeost og fårepølse. Og no snakkar vi delikatesse.  Det greier seg med eitt dobbelt knekkebrød. Eg trur det er fordi eg et det med ein gang eg blir svolten.

Tre timar seinare, litt svolten igjen, nytt dobbelt knekkebrød. Så middag, då et eg berre ein pitteliten porsjon, ellers blir eg så trøtt og får så lyst til å sove middag. Så er det ein kopp kaffi, og så er det ut og trene. Etter trening er eg veldig svolten. Då gjeld det å ete seg ordentleg mett på sunn mat, så ein ikkje blir gåande og småknaske usunne ting som sleng i skapa her og der utover kvelden. Min favoritt er Torske-Nuggets, som eg tørrsteiker i steikeovnen, med wok-grønsaker til. Grønsakene hiv eg frosne i steikepanne (steikepanna nokså full), dampar dei under lokk til dei er tinte og møyre, så dryp eg ei spiseskei sesamolje, pluss litt krydder over og rører saman. Herleg kveldsmat, som du kan ete deg stapp mett på, utan at det blir så veldig mange kaloriar av det.

Å krige mot juleflesket utan fisk og grønsaker i frysen er som å opne posten (les: rekningar) utan pengar på konto: Det kan ikkje gå bra, det.

Korleis det går? Du skal få oppdateringar fleire gonger i veka framover. Krigen er i gang!

Dette innlegget ble publisert i Ukategorisert. Bokmerk permalenken.

En kommentar til Rullar opp arsenalet

  1. Tove sier:

    Frosne grønnsaker? Ferske er mye bedre, holder seg bedre i konsistens og smak etter koking/steking og tar ikke lange tiden å skjære opp. Syntes du det er tungvint å skjære opp før du lager mat så er dette løsningen. Kjøp inn og skjær opp masse på kvelden 1-2 dager i uken. De ferske grønnsakene holder seg fine i en pose eller boks i kjøleskapet i mange dager..

    Og med ferske grønnsaker så vet du hva du får og hvor grønnsakene er fra. Frosne kan bestå av så mangt. (støtt økologisk jordbruk selv om det koster mer. Det er mye bedre for miljøet og for kroppen din.)

    Fryst fisk kan også bestå av så mangt (ref: fisk tilsatt vann og salt.) Mye av den fryste fisken kommer også fra overfiskede områder, og består ofte av gul/rødlistede arter. Se wwf for liste. Bruk heller litt ekstra tid i fiskedisken, finn ut hvor fisken kommer fra og frys ned selv.
    Ja det tar lengre tid, men det er verdt det! Det sverger jeg 🙂
    (og du snyter produsentene for mange penger, de vil tjene mest mulig på din og andres uvitenhet. Bli en bevisst forbruker og vær med på å gjøre en forskjell 🙂
    Ellers lykke til med vektapet og å leve sunt, du har begynnt riktig.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *