15. januar: Treningsopplegget

Treningsstudioet mitt. Høgt under taket.

Treningsstudioet mitt. Høgt under taket.

Jo Inge meiner at det viktigaste dei neste månadane er å gå ned i vekt, og pent og forsiktig opp i kondisjon.
Dei neste månadane skal eg køyre minst tre økter a ein time på 150-wattnivået, som er min terskelfart. Det betyr ganske enkelt den Les videre

Publisert i Ukategorisert | 1 kommentar

Tirsdag 12. januar: Testen

Enkel torturreiskap– Eg er faktisk i ganske brukbar form, har eg gått rundt og sagt.

Men eg er ikkje så sikker på det. For det første fekk eg bevegd meg lite dei siste tre vekene før jul, pga. podagraen, og lite dei neste tre vekene, pga. sprengkulda. Men eg har no gått på skøyter og måka skøytebaner og stort sett løyst svetten kvar einaste dag.

Men er det nok til å halde seg i nokonlunde form? Det går opp for meg at det vil testen gje eit nådelaust svar på. Les videre

Publisert i Testane | Skriv en kommentar

Ole Johannes skal sykle Gaularfjellrittet 2010

Ole Johannes Øvretveit og Kurt Arvesen. Foto: Stig Roger Eide, Firda

Foto: Stig Roger Eide, Firda

Eg var programleiar på Sykkelens dag i regi av Førde Cykleklubb då Kurt Asle Arvesen bondefanga meg:

–  Til slutt har eg ein presang til Ole Johannes, sa han, og så tok han fram ei T-skjorte og synte til publikum. Det gjekk eit sus gjennom forsamlinga. Les videre

Publisert i Ukategorisert | Skriv en kommentar