Får beskjed om å roe ned

Mandag 1. februar: I går greip min personlege trenar Jo Inge Gåsvær, inn, og eg fekk beskjed om å roe kraftig ned. Eg gjengir heile mailen hans her:

Hei.

Veldig kjekt å følgje med på bloggen. Du jobbar godt.

 

Nokre innspel:

Ser på dei første øktene dine at du hadde ei økt kvar dag i perioden 13. – 20. januar. Av desse var 6 av 8 økter på Borg skala 14 eller høgare. Det er for mykje trening på for høg intensitet viss du angir Borg skala riktig. Særleg vil eg at du skal prøve å roe ned dei øktene som har varigheit over ein time. Per no er det turane rundt Gjøset. Når du går så hardt så lenge som du angir, vil det ta godt over eitt døgn å bli restituert. Fortsetter du slik kan du risikere å bli overtrent.

 

Så øktene frå 22. januar til 29. januar. Litt det same her. Du har ei kort økt på Borg skala 17, to timesøkter på terskel og i tillegg den økta der du møtte veggen. På øktene 25. januar og 27. januar høyrest det ut til at du treff veldig bra, dvs borg skala 13-14. Økta 22. januar kan virke som var noko for hard. All trening er bra, men i den fasen du er i no (ressursperiode) gir denne økta eit stort restitusjonsbehov. Som du sikkert merka. Når det gjeld ”møtte veggen” økta har du jo forklaringa sjølv. Bilar virkar ikkje utan drivstoff. Kroppen virkar, så vidt. Men det er ein rein forsvarsmekanisme slik at vi skal klare å kome oss i sikkerheit og ikkje fryse i hjel ute i naturen…

 

Så oppsummert kan du prøve å roe ned langturane dine, dvs rundt Gjøset. Borg skala 9-11. Du skal få lov å kome litt over det opp bakken etter Gjøset , men ikkje mykje over. Så gassar du meir på når du kjører på i ein halv time til ein time. Borg skala 13-15, maks 15. Du skal vere obs på at du bør ha minst ein dag med rolig trening eller fri mellom øktene som ender på Borg skala 13-15. Og har du desse øktene to dagar på rad, bør du ta det rolig i alle fall eitt par dagar etterpå. Motsatt er det med dei rolige øktene, dei kan du i prinsippet gjere dagleg.

 

Kva betyr Borg skala? Sjå innlegget  15. januar: Treningsopplegget

Dette innlegget ble publisert i Ukategorisert. Bokmerk permalenken.

En kommentar til Får beskjed om å roe ned

  1. Per Anders sier:

    No vart det veldig rolig her……

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *