Kona mi

Mandag 1. mars:

– Får du lov av kona di til å trene så mykje du vil? spør ein kollega.

– Ja, sjølvsagt, seier eg. Det handlar no om å behalde helsa? Les videre

Publisert i Ukategorisert | Skriv en kommentar

Au, au!

Fredag 26. februar kl 2130:

Treninga får følgjer langt inn i godstolen. Då eg skulle skeie ut litt fredag kveld oppdaga eg at dei musklane eg brukar når eg skal raspe parmesan, er dei same som eg brukar når eg stakar i langrennssporet.

Les videre

Publisert i Ukategorisert | Skriv en kommentar

Kjøttsår

Fredag 26. februar: I dag gjorde eg rett og slett stygg skade på meg. Det begynte med at eg fekk med meg to av døtrene mine på å gå rundt Fauskestølen. Sol, ein herlig dag. På veg innover flyplass-myrane (etter ca. 3 km) kjenner eg at eg har gjort noko dumt: Eg har tatt på meg ein litt gammal lang-undik, som har vore vaska så mange gonger at han er begynt å bli nuppete. Les videre

Publisert i Ukategorisert | Skriv en kommentar

Blir sprekare

25. februar: Det utviklar seg litt annleis enn eg hadde tenkt, dette her. Eg trudde eg skulle gå fortare og fortare, dvs. bruke stadig kortare tid på dei same distansane. Det gjer eg forsåvidt, men den utviklinga går veldig seint. (1 t 2 minutt på ti km no, mot 37 minutt på fem km for ein månad sidan). Les videre

Publisert i Ukategorisert | 2 kommentarer

Kvifor gjer eg dette?

Når folk slankar seg, blir det veldig mykje snakk om teknikk (kosthaldsråd, treningstips osv.), men nesten aldri om det som faktisk er det viktigaste: Motivasjon. Les videre

Publisert i Ukategorisert | Skriv en kommentar

Krateret på Gjøset

210220101302Det kan sjå ut som om nokon har droppa ei ku frå eit fly og ned i løypa, nederst i den brattaste bakken i Fauskestølsløypa. Sanninga er nok langt meir spektakulær enn som så. Les videre

Publisert i Ukategorisert | 2 kommentarer

Den lange turen

19. februar: For første gong på to år har eg gått Fauskestølsløypa på Langeland. Eg hadde gløymt kor lang den turen faktisk er (ca. 18 km), kor fin han er, og kor bratte enkelte av bakkane er.

Lyse utsikter

Lyse utsikter

   Les videre

Publisert i Ukategorisert | 5 kommentarer

Testen: Nær-døden-oppleving

17. februar: Ein ambisiøs hobbytrimmar heldt rett og slett på å daue då han skulle vise Jo Inge Gåsvær, den personlige treningsrettleiaren sin, kor fantastisk sprek han var blitt.  Les videre

Publisert i Ukategorisert | Skriv en kommentar

I morgon: Testen

16. februar: I morgon skal eg testast. Jo Inge har nok ergometersykkelen klar, og der skal eg nok få sitte til eg dett av. Les videre

Publisert i Ukategorisert | Skriv en kommentar

Slu ryper lurte jegrar

Turtagrø, 11. februar: Tre jegrar saumfor heile gryta på Turtagrø, samt Ringsdalen, men slu ryper manipulerte dei små hovuda til jegrane til dei vart så forvirra at dei ga opp. Lyden er litt dårleg på videoen, men det begynner med at Ole Johannes Øvretveit med litt tullete stemme forklarer kor dårleg det står til, og at vennen hans, på spørsmål om kor mange ryper dei har sett, svarer: Absolutt ingen!Mykje buskar og lite fugl på Turtagrø  Les videre

Publisert i Ukategorisert | Skriv en kommentar