Slu ryper lurte jegrar

Turtagrø, 11. februar: Tre jegrar saumfor heile gryta på Turtagrø, samt Ringsdalen, men slu ryper manipulerte dei små hovuda til jegrane til dei vart så forvirra at dei ga opp. Lyden er litt dårleg på videoen, men det begynner med at Ole Johannes Øvretveit med litt tullete stemme forklarer kor dårleg det står til, og at vennen hans, på spørsmål om kor mange ryper dei har sett, svarer: Absolutt ingen!Mykje buskar og lite fugl på Turtagrø 

Dei tre la i veg på fjellski innover Årdalsvegen med forventning om store fangstar. Dei var svært bekymra over fangstbegrensinga på fem ryper per mann. Trass alt hadde dei sett over tjue ryper dagen før utan å skyte noko, men i dag var dei vortne einige om at i dag skulle dei treffe det dei sikta på, og hugse på å ta av sikringen dersom noko fauk opp. Men etter ein halvannan times marsj inn heile Ringsdalen hadde dei ikkje sett så mykje som eitt einaste ferskt rypespor.

Krasjlanding, rulle og tramp i spor. Håning av jegrar for vidarekomne.

Krasjlanding, rulle og tramp i spor. Håning av jegrar for vidarekomne.

På veg tilbake viser det seg at rypene hadde trampa rundt i spora deira, ein kan til og med sjå groper der rypene har rulla seg i snøen og slått seg på låra over dei snøblinde jegrane.

– Fiskekaker er også godt, seier Ole Johannes i ein kort kommentar, før han legg ut om treningsverdien av nesten fem timar på fjellski.

110220101263

...men enden var god, og då er alt godt. Storen og Dyrhaug i kveldssol.

Dette innlegget ble publisert i Ukategorisert. Bokmerk permalenken.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *