Au, au!

Fredag 26. februar kl 2130:

Treninga får følgjer langt inn i godstolen. Då eg skulle skeie ut litt fredag kveld oppdaga eg at dei musklane eg brukar når eg skal raspe parmesan, er dei same som eg brukar når eg stakar i langrennssporet.

Godsakene. Legg merke til trikset med tallerken i vasken, så søler du ikkje ost på benken.

Godsakene. Legg merke til trikset med tallerken i vasken, så søler du ikkje ost på benken.

Fredag kveld, klokka 2130: Ein sliten langrennslaupar synest han fortener i beløning. Han har gått 18 km på ski, med til dels store smerter. Så har han baska seg opp og ned ein slalombakke i halvannan time med ei dotter som ikkje greidde å ta trekket. No treng kroppen hans protein til å byggje opp att skamferne musklar. Resepten er:

75 g spekeskinke, to tomatar i sneier, eit lett strø Aromat-krydder over tomatane, riv parmesanost over heile tallerken, dryss til slutt litt olivenolje over.  Dette er snadder. Ei flaske Rip Tide stout beer til, så er karbohydratane på plass, og restitusjonsmåltidet er komplett.  Eg danderer fint på tallerken, grip raspa og parmesanosten, og gjev meg til å rive. Stygge smerter skyt oppover tricepsane mine. Dei har fått kjørt seg i to og ein halv time i dag, og no er dei stive og fulle av melkesyre.   Og nettopp desse er det som må gjere jobben, når parmesanost skal rivast.

Kva skal eg gjere? Be kona mi om hjelp? Nei. Be døtrene mine om hjelp? Nei, då blir det berre snakk om kaloriar.  Eg bit tenna saman, og så raspar eg på. Det er ikkje verre enn å gå Gjøsetbakken på tom mage. Og her står jo beløninga rett framfor augene på meg. Til slutt er jobben gjort. Eg set meg i godstolen ved stoveglaset, ser ut på måneskinslandskapet, rullar ei spekeskinkesnei i ost og olivenolje, tygg lenge, og skyller ned med kolsvart øl. Eg klarte det. I dag igjen. Herlig.

Dette innlegget ble publisert i Ukategorisert. Bokmerk permalenken.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *