25. februar: Det utviklar seg litt annleis enn eg hadde tenkt, dette her. Eg trudde eg skulle gå fortare og fortare, dvs. bruke stadig kortare tid på dei same distansane. Det gjer eg forsåvidt, men den utviklinga går veldig seint. (1 t 2 minutt på ti km no, mot 37 minutt på fem km for ein månad sidan). Men det eg verkeleg kjenner skilnad på, og det for kvar veke som går, det er at eg er i stand til å gå lengre og lengre, og det kostar meg stadig mindre. Eg kjenner jo etter kvart også at det har utvikla seg ein del stål i bein og armar. Eg spurte kona mi her om dagen: «Korleis trur du skuldra kjennest ut, på ein mann som ti timar i veka stakar 130 kilo rundt i ei skiløype?» Og så spente eg skuldra og la handa hennar der. Eg følte meg litt mandig då. Barnslig, men gøy.
Eg har og (etter kvart) fått erfare kor mykje behageligare ei treningsøkt blir, når eg passar på å ta det svært rolig dei første tjue minutta, til eg er blitt varm. Etter økta i går (10 km, 62 minutt), slo det meg at «Dette er alt eg treng gjere, tre gonger i veka, så held eg meg i bra form resten av livet». Det er faktisk latterlig enkelt. Ein må berre hugse på at det er det aller viktigaste i livet. Det hjelp ikkje om det er ryddig i garasjen, når du ligg daud under torva.
Stå på Ole Johannes – dette er tøft av deg!!!
Så sant som det er sagt! Enig med Fride, trur du må være den tøffaste i mils omkrets, … klem fra ei heilt objektiv søster 🙂