Fredag 22. januar:
Gjekk 5 km så hardt eg greidde, heilt frå start. Brukte 33 minutt, fire mindre enn veka før. Likt føre, kaldt, tørt og trått. Brukte nok meir krefter enn veka før, men det var rett og slett fordi eg hadde meir krefter å bruke. I siste kneika opp til toppen i femmaren var det akkurat som om korsryggen min ikkje ville bere meg lenger. Då må eg vel kunne seie Borg 17 (sjå skala under innlegget 15. januar: Treningsopplegget.