Torsdag 28. januar:
Ja, no skal det bokstavelig talt bli fart på sakene. Eg har lenge visst kor glideren min var, kor børsten og fiberpapiret og strukturpapiret og smørebenken og alt det der var. Det låg og flaut på benken i garasjen, alt saman. Men smørejernet mitt? Det kasserte strykejernet som eg har kjøpt på Fretex for femti kroner? Kooooor eeeer deeeet!!!! Har eg sagt til meg sjølv fleire gonger. Men no har eg funne det. Så no skal det glidast ski, og eg skal få supergli, og i morgon tenker eg det blir snakk om å bryte lydmuren. [transcoded id=25]
Artig video 🙂