Duracellkanin med smil

Ja han bekrefter det sjøl, Bård Hoksrud: Han er aktiv, på grensa til overivrig og det kan gå litt fort i svingane av og til. Men alltid med eit lunt smil.

Han er suverent mest kjent av stortingskandidatane i Telemark, det viser ei personmåling som TNS Gallup har gjort for NRK og TA.

Det betyr først og fremst at han har bruka dei fire åra på Stortinget godt.

Han er ein kjendis i Telemark – i motsetning til mange av dei han konkurrerer med om ein plass  på Stortinget.

Gunn Olsen for eksempel – som har sitte på Stortinget i 12 år og vore fylkesvaraordførar før det – er kjent av litt over halvparten av veljarane – Bård Hoksrud ligg som målinga viser, langt over det: han skårer 76 %.

PERSONVALG?

Me skal ikkje overvurdere betydningen av kor kjent ein enkelt politIker er.

Den samme meiningsmålinga viser at eit overveldande fleirtal legg mest vekt på partiprogrammet når dei bestemmer seg.

Men det er uansett ingen ULEMPE å vere kjent blant dei som skal velge og bestemme.

To av dei nye stortingskandidatane , Anja Hjelset i Sp og Asgeir Drugli i Rødt er kjent av færre enn kvar femte velger. Det er klart at dei har ein stor og tung jobb framfor seg i valgkampen, bare for å nå fram med budskapet at: HEI – eg er stortingskandidat!

RIKSPOLITIKER

Hoksrud har fått ansvar og viktige oppgaver i partigruppa, men han har langt fram til den maktposisjonen som forgjengaren hans John Alvheim hadde.

Eg meiner Hoksrud har gjort en solid jobb i transportkomiteen – han er god på samferdselsspørsmål og har tillit i partileiinga.

Derfor trur eg han har gjennomslag i partiet,  men problemet er at foreløpig har ikkje FRP særleg gjennomslag på Hoksruds saksområder – som for eksempel veibygging.

Alle andre parti, inklusiv ein mulig regjeringspartner som Høgre, vil for eksempel bruke bompenger for å bygge vei. Det vil ikkje Hoksrud og Frp.

MEN RIKSKJENDIS?

Nei rikskjendisen blant Telemarkskandidatane er Torbjørn Røe Isaksen. Han er den mest refererte og siterte og mest brukte Telemarkspolitikeren ellers i landet.

Då ser eg bort frå Kristin Halvorsen, ho er rett nok frå Porsgrunn,  men har vel ikkje representert Porsgrunn eller Telemark SV etter at ho gjekk ut av vidaregåande –

og det er som kjent nokre år sia…..

TILLIT

Eit ganske oppsiktsvekkande trekk ved personmålinga er Hoksrud skårer best også på tillit. At han er meir kjent enn Lien Aasland, Olsen, Hamadi og Røe Isaksen – ja vel,  ikkje så overraskande.

Men at flest velgarar samla sett og har størst tru på at Hoksrud skal gjøre ein god jobb på Stortinget komande fire år, det må i alle fall vere eit tankekors for Arbeiderpartiets kandidatar som har 32 års fartstid til sammen.

Arbeiderparitet er fortsatt størst på meiningsmålingane – men velgerane har mest tru på Bård Hoksrud.

Dette innlegget ble publisert i Gisle. Bokmerk permalenken.

En kommentar til Duracellkanin med smil

  1. Det var ikke overraskende. Hoksrud er den som har markert seg best på stortinget for Telemark. Friskt blod skader ikke. Nå håper jeg velgerne sender nykommerne Geir Bekkevold (KrF) og Torbjørn R. Isaksen (H) til tinget. 16 års fartstid for Oppebøen Hansen får være nok. Det man ikke får gjort på 16 år får man ikke gjort!

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *