Godt valg!

Det er bare noen timar igjen til valglokala stenger, og det kan gå mot ei knallspennande valgnatt i Telemark.

Torbjørn Røe Isaksen, Høgre, Kåre Fostervold, Frp, og Sigvald Oppebøen Hansen,  Ap, ligg praktisk talt likt i kampen om dei to siste faste plassane.  At Terje Lien Aasland og Gunn Olsen frå Ap og bård Hoksrud får Frp kommer inn – det er ganske sikkert.

Men altså: Torbjørn, Kåre eller Sigvald  må tape ikveld. Om det er Kåre eller Sigvald som fell ut – så er slaget tapt. Torbjørn har derimot ein god sjanse til å kapre utjamningsmandatet om han ikkje klarer eit av dei to siste distriktsmandata. Der har Sigvald og Kåre det til felles at dei ikkej har nokon sjans. Dei to store partia: Arbeiderpartiet og Fremskrittspartiet får ikkje utjamningsmandater.

Noen valglokale stenger kl 18, noen klokka 19 og dei siste i Telemark klokka 20. Mens i dei største byane ellers i landet er valglokala oppe til klokka 21, og dermed blir ingen valgresultat offentleggjort før nettopp kl 21.

HOL I ASFALTEN

Eg var innom stemmelokalet i min valgkrets, Henseid i Drangedal i ettermiddag. Der var innkjøringa til grendehuset markert med fint bjørkelauv. sjå det tenkte eg – her markerer dei at valget er ein høgtideleg sak. Idet eg svinga av riksveg 356 såg eg at bjørka var sett der for å markere eit hol i asfalten. Uansett ære eller ikkje – det var vel å se på som ei helsing til den raud grøne regjeringa.

FASITEN

Holet i asfalten på RV 356 blir neppe avgjærande for valgresultatet. Du er med og skaper fasiten, bare du stemmer. Ikveld får me vite resultatet. Følgje med i radio på P1 – der er Telemarksenigna inne ti minutt kvar halvtime til resultatet er klart. Og du får ALLE kommuneresultata. Det gjør du og på Tekst TV – fra side 360.  Og NRK1 sender valg frå kl 1930 til resultatet er klart, ein gong over midnatt.

Godt valg!!

Dette innlegget ble publisert i Folkepanelet. Bokmerk permalenken.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *