Telemarksving

I sommar har eg unna meg ein kjapp bilferie på Vestlandet, nærare bestemt Sogn og Fjordane på langs og tvers. Flotte naturopplevingar er ein ting, men veistandarden i tunnelfylket framfor noko var vel så interessant.

Det virkar på meg som om hundre tusen sogningar og fjordingar har fostra fleire samferdselsstatsrådar enn Telemark har fostra diktarar – det ser og merkar du straks du passerer fylkesgrensa. Anten du kommer over fjellet frå Buskerud eller Oppland. Og då har du alt fått eit løft etter mange mil vekk frå holete asfalt og Telemarksvingar.Hull i veien

Det er ein fryd å kjøre bil i Sogn og Fjordane. Rett nok må du bla opp frå lomme boka: Både bompenger etter å ha kjørt gjennom kilometervis med tunnel , eller for å krysse ein fjord i ferje, men du verden for ein veistandard!

Eg har sommarferiert i fleire år i Danmark og Sverige, og har dermed fått ein vrangforestilling om at det er Ola Dunk som ikkje kan eller vil bygge vei. Det er greitt nok at det er lett å bygge fire felts motorvei i Skåne – men den minste fylkesveien i Dalarna er jo breiare og rettare enn riksveiane i Telemark.

Unnskyld dette sidespranget til nabolandet.

Eg var som sagt i Sogn og Fjordane i sommar – og opplevde veldig sterkt at visst kan OLA NORDMANN bygge vei – både tunnelar og bruer – og jammen legge asfalt som er god å kjøre på. Det er altså ikkje Ola Dunk som er dum eller mangler gjennomføringskraft – det er telemarkingane heilt spesielt som er sinker i veibyggerklassa.

Eller for å vere meir presis: Det er stortingspolitikarane våre som ikkje har gjennomslagskraft- dei har ikkje hatt det denne siste fireårs perioden, men heller ikkje i nokon periode tidlegare etterkrigstida.

Åffer skal det vere slik at me som har E18, ein av landets mest traffikerte hovedvegar tvers gjennom sørfylket, skal leve år etter år med at veien ser ut som ein dårleg fylkesvei på andre sia av langfjella. Der det er færre folk, færre bilar og mindre trafikk, men veiar som går rett fram, har godt dekke utan livsfarlege hjulspor.

Den siste menneskealderen har Telemark hatt to – eg seier og skriver TO – politikarar med rikspolitisk gjennomslagskraft: Det var John Alvheim frå Framstegspartiet som aldri blei statsråd, men som likevel langt på vei blei helsenorges mektigaste mann. Og det varArbeiderpartiets Finn Kristensen som styrte næringspolitkken her til lands under heile Groperioden.
Men ingen av dei var spesielt opptatt av Telemarkssaker, slik ein Kjell Opseth var – han styrte landet og bygde tunnelar i heimfylket samtidig.

Me treng ein samferdselsminister frå Telemark som vil og kan gjøre noko med veiane våre.

Kven kan gi oss det?

Dette innlegget ble publisert i Gisle. Bokmerk permalenken.

3 kommentarer til Telemarksving

  1. Amund Johnsrud sier:

    Hei, Gisle. Eg har svigerfamilie i Nordfjord, og får høyre samferdsledebattane i det området, når eg vitjar dei i ferien.

    Det er artig å samanstille det du skriv om vegstandarden i fylka våre, med det dei «innfødde» vestpå sjølve meiner. M.a. vert kork og ulykker på Rv 60 mellom Olden og Innvik trekt fram som eit kroneksempel på kor vanskeleg det er å få midlar til opprusting av viktige vegstrekningar i Sogn og Fjordane. På ein av landets viktigaste turistvegar er det ikkje plass tor to bilar å møtast

    Ein nabo av oss i Utvik, som køyrer brus og øl over heile fylket viser også til store delar av Sunnfjord og Sogn der mykje av fylkesveg- og riksvegnettet bare tar éin bil i bredda. » Eg er nøgd, om eg kan sjå begge dei dei kvite stripene i sidespeglane samtidig» seier han, som ein kommentar til vegbreidda på dei kantar.

    Og så fnys dei av telemarkinganes aversjon mot bompengar. «Vi har fått rusta opp nokre vegstrekningar hos oss» innrømmer fjordingane, «men jammen har vi måtte betale for det, og»
    Og dei har nok eit poeng her. På vegen mellom Lærdal og Skei har ein inntil nyleg betalt 150 – 200 kr i bomavgift,sidan tidleg på nitti-talet. Og tunnelen mellom Fjærland og Kjøsnes (Rv 5) , vart i si tid forskotert av næringslivet lokalt. Er det vilje til slikt i Telemark?

  2. De Rødgrønne har tatt livet av hydro som bare har Alminium.Pengene er også borte.

  3. mqkankvgan sier:

    H1bwO4 mglwgpdfkokc, [url=http://uozyodtpatqi.com/]uozyodtpatqi[/url], [link=http://ikhhfkqsutpf.com/]ikhhfkqsutpf[/link], http://gfbtvfjqvwgb.com/

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *