Woont i hjertet
Jamie Woon - Blå

Woont i hjertet

Jamie Woon sjarmerer, men imponerer ikkje, under sin klubbkonsert på Blå laurdag natt.

Skrevet av:
Publisert 14:36 22 mai, 2011

Ved midnatt, ein halvtime før annonsert konsertstart, går britiske Jamie Woon på scena på Blå i Oslo. Med ei litt for stor dressjakke, ein skjeggvekst farleg nær pornosmultring, og tre musikarar i ryggen. Lokalet er fullt, og publikum forventningsfulle. Ikkje utan grunn, heller: Sjølv om albumet Mirrorwriting var eit langt meir konvensjonelt album enn mange hadde venta seg, ligg det eit stort livepotensiale i den kjølige miksen av r&b, (post-)dubstep og soul. På Blå vart det likevel ikkje løfta opp til dei høgdene ein kunne ha håpa.

Woon velg å køyra eit sett der mange av dei mest dempa låtane frå Mirrorwriting kjem nokså tett. Stemma hans er nydeleg, også live, men både han og bandet manglar augensynleg nok rutine til å bringa det ut til publikum på ein tilstrekkeleg engasjerande måte. Som scenepersonlegheit er Woon sjarmerande keitete og audmjuk, men samstundes er det vanskeleg for publikum å ikkje merka at han eigentleg er mest komfortabel når lyskastarane ikkje er retta mot han. Den interne kommunikasjonen musikarane imellom sviktar òg innimellom, og trommisen verkar så usikker at ein får mest lyst til å gå opp på scena og gje han eit oppmuntrande klapp på skuldra.

Live, i endå større grad enn på plate, framstår Jamie Woon som ein artist som låner vel så mykje frå 90- og 00-talets r&b som frå dei samtidige artistane han så hyppig vert samanlikna med, som James Blake og Jamie xx. Riktignok spelar looping, innstilte beats og perkusjon ei viktig rolle på scena, men dei som kom for eit reinspikka klubbsett måtte sjå seg skuffa laurdags kveld. Lydbiletet er varmare og kjensla ei anna. Dette kunne ha fungert utmerka, og Jamie Woon er til tider ingenting om ikkje ektefølt. Diverre bikkar det stundom over i det cheesy, og stundom over i det…vel, keisame.

Der han verkar trygg på at publikum faktisk er fortrulege med låtane, som på singlane «Night Air» og «Lady Luck», som avsluttar det ordinære settet, kviknar Woon til og gjer frå seg nokre blyge smil og blikk ut mot lokalet. Nokre av Mirrorwritings sterkaste spor, som «Shoulda» og «Street», underselg han derimot ganske kraftig, slik at det ikkje blir spesielt minneverdige konsertaugeblikk.

Etter «Lady Luck» kjem Woon tilbake til scena, og framfører mellom anna «Waterfront» og sin aller fyrste singel, «Wayfaring Stranger» aleine med gitar og loopeffektar. Igjen vert ein minna på kva for slags sjelfullt potensiale som ligg i Woons stemme, og ein kan ikkje bli anna enn sympatisk innstilt til han der han mumlar nokre takksame ord inn i mikrofonen. Men på dette tidspunktet har han for lengst byrja å mista grepet om publikum, som berre kan håpa på at engelskmannen kjem tilbake til Hove og Pstereo med ein anelse meir pondus og sjølvtillit.

Maria Horvei

Tags: , , , , , , , , , ,

Del "Woont i hjertet"
 

1 kommentar på “Woont i hjertet”

  1. [...] har begeistret mange i år. Jamie Woon er en sentral del av denne bølgen, og til tross for at han skuffet da han gjestet Blå i mai, er det verdt å bevege seg inn på Teltscenen når klokka nærmer seg midnatt, for å få med [...]

Legg igjen en kommentar