Vinn billettar til Motorpsycho!
Bandet speler to konsertar i heimbyen denne veka – Lydverket deler ut billettar!
Med dobbeltalbumet The Death Defying Unicorn har Motorpsycho nok ein gong bevist at dei er blant landets mest relevante. Saman med komponist, arrangør og tangentmeister Ståle Storløkken dei nemleg skapt sitt «viktigste, mest vågale og rikeste utgivelse på år og dag» – i alle fall om ein skal tru Lydverkets anmeldar Marius Asp.
Les anmeldelsen: Sjøsyk enhjørning med en rev bak øret
Det er med andre ord god grunn til å ynskja seg til i alle fall éin av dei to konsertane bandet speler i Trondheim denne veka. Og det kan enkelt ordnast: Lydverket deler ut billettar til begge.
Det er på Byscenen det skjer, onsdag 14. og torsdag 15. mars. Ekstra gledeleg er det at begge kveldar er opne for både dei over og dei under fylte 18 år.
Ynskjer du billettar til deg og ein ven? Send mail til lydverketkonkurranse@nrk.no med svaret på følgjande spørsmål, og du er med i trekninga: Kven har teikna biletet av Motorpsycho inni coveret til The Death Defying Unicorn?
Hugs å spesifisera kva for ein av dei to konsertane du ynskjer billett til, og om det er til over- eller under 18 år-seksjonen. Legg også ved fullt namn og telefonnummer. Vinnarar vert kontakta tirsdag ettermiddag.
Tags: konkurranse, motorpsycho, The Death Defying Unicorn
Jeg har delt!
Jeg har delt!