Vill jakt på Bowie
Vil du ha heile historia om David Bowie, fortald av han sjølv? Då er du ikkje åleine. Forleggarar krigar om å dra i land bokavtale med ikonet.
Boksuksessen til Keith Richards og Patti Smith med fleire, har sparka i gong jakta på dei ”fem store” som ennå ikkje har skrive biografiane sine. Etter ein heftig bodrunde, vann HarperCollins rettighetane til historia om Pete Townshend frå The Who. No gjenstår Paul McCartney, Elton John, Robert Plant og Bruce Springsteen, men den gjevaste bokavtalen forleggjarane ynskjer å hale i land, er med David Bowie.
Dei siste åra har biografiar til medlemmer av Rolling Stones, Mötley Crue og Guns N` Roses nådd bestseljarlistene. Resultatet er at fleire av dei store rockarane, fleire i 50- og 60-åra, no ynskjer å fortelje historia si. 2011 kan difor sjå ut til å bli året for rockebiografiar. Historier om overdriven drikking, narkotika, sex og rock går aldri av moten. Biografiane til Patti Smith, Steve Tyler og Sammy Hagar frå Van Halen er god lesing for rockinteresserte.
Patti Smith les frå boka Just Kids:
Alan Samson, forleggjaren bak Keith Richards’ biografi, Keith Richards, Life, seier til the Guardian at det er lite overraskande at det er vanskelig å få tak i dei store stjernene.
- På kvar einaste bokmesse de siste 20 åra har det alltid vært ein stor rockestjerne-biografi. Det viser seg likevel vanskeligare å få rockestjerner med enn Hollywood-stjerner.
For Samson er det viktig å finne bandmedlemmet som skriv musikken.
- Det er det markedet vil ha. Det kan ikkje berre dreie seg om å drikke ei flaske whisky om dagen, for det kan dei fleste få til. Det som dei fleste derimot ikkje får til, er å fylle opp ein stadion å synge songane sine for dei, seier Samson.
Ifølge Samson har sjangeren “rockebiografi” forandra seg med åra. Før var desse bøkene polerte anekdotar om å danse med Frank Sinatra, mens no handlar dei om å overkomme problem i livet, som skilsmissar, alkohol- og narkotikaproblem eller mishandling. Folk vil vete korleis det var og korleis dei overvann problema.
Samson skal også snart gje ut Guns n` Roses-bassist, Duff McKagan sin biografi, It’s So Easy (And Other Lies). Her skal alle ingrediensar for ein moderne biografi vere til stades. Forfattaren er viden kjend for sine alkoholproblem, han fekk til og med oppkalla eit ølmerke etter seg i tv-serien, The Simpsons. Bandkollega Slash sin biografi selde også i bøtter og spann, så utsiktene for bra sal er så absolutt til stades. Du kan høyre Duff McKagan snakke om boka her.
Kanskje har den noko overraskande suksessen til Mötley Crüe si bok The Dirt overbevist føreleggjarar om at rockebiografiar kan vere svært lukurative prosjekt.
Som HarperCollins føreleggjar som gjorde scoopet med Townshend sin biografi fortalde New York Times: «Det verkar som om alle medlemmene av Rock and Roll Hall of Fame nå sitt framføre datamaskinane sine.” Det same kan visst seiast om Storbritannias aldrande rockarar.
Tags: bruce springsteen, David Bowie, Duff McKagan, Elton John, guns n' roses, Keith Richards, Mötley Crüe, Patti Smith, Paul McCartney, pete townshend, Robert Plant, the who
“Det verkar som om heile Rock and Roll Hall of Fame nå sitt framføre datamaskinane sine.” Noen som har en ide om hva dette skal bety?
Eller dette:
«Den planlagde boka, Bowie: Object skal vere den første i serien av 100 som skal ta føre seg den 63 år gamle artistens arkiv for å gi innsikt i livet til Bowie.»
100 bind om Bowie? Du verden.
Det betyr sikkert at det er mange artister som skriver sin selvbiografi, og da sitter de sannsynligvis foran en datamaskin og skriver i et tekstbehandlingsprogram.
Det er nok ikke så veldig mange som håndskriver bøker i 2011.
«the dirt» om mötley crüe har også blitt så populær pga det er en veldig bra bok og at det er den fryktelig populære levi strauss(the game) som har skrevet den.
forøvrig tror jeg bowies biografi kun er interessant opp til 1980. mulig den kan gi oss svaret på hva som gikk galt med mannen.
personlig tror jeg en biografi om iggy pop ville vært konge
NEIL Strauss.
[...] Vill jakt på Bowie [...]