Videorama!

Videorama!

Nye musikkvideoar frå TV On The Radio, The Cars, My Chemical Romance og Chris Brown ventar på deg i vekas oppsummering!

Skrevet av:
Publisert 11:35 25 mars, 2011

My Chemical Romance er ikkje ferdige med å sleppe singlar frå Danger Days-albumet, og siste låt ut er «Planetary (GO!)». Videoen vart filma under ein konsert bandet spelte i London forrige månad.


(Via iLeaks)

TV On The Radios nydelege «Will Do» er henta frå deira komande album Nine Types Of Light. I videoen utforskar dei den virtuelle verda med hjelp av heimelaga masker:


(Via SKoA)

Den som venter på noko godt, venter ikkje forgjeves: Seinare i år, nærare bestemt 6. mai, kjem The Cars med sitt fyrste studioalbum på 24 år. Høyr singelen «Sad Song», og sjå den nye videoen, her. Med mindre du er redd for klovnar, sjølvsagt.


(Via Cluster)

Slutwave stormar vidare - siste tilskot til kvasisjangeren er den britiske gruppa Stooshe, som ikkje legg fingrane imellom på låta «Fuck Me». Sjå videoen her:


(Via Popjustice)

Far East Movement har fått med seg Snoop Dogg på «If I Was You (OMG)», siste singel frå debutalbumet Free Wired. I videoen er det full fest, og kvinnelege brytarar:


(Via Rap-Up)

Chris Brown har hatt ei travel veke, med albumslepp, promoarbeid – og raseriutbrot på Good Morning America etter å ha blitt konfrontert med mishandlinga av Rihanna i 2009.  Videoen til F.A.M.E-singelen «Beautiful People», ft. Benny Benassi, kom òg ut. Ikkje klassisk høgbudsjett, men sjå den her uansett:


(Via MTV)

Metronomy kjem med sitt tredje album The English Riviera neste månad. Sjå videoen til singelen «The Look» under – ein enkel og fin sak, til alle måkeelskarane der ute:


(Via (SKoA)

Tags: , , , , , , , , , , , , , , , ,

Del "Videorama!"
 

1 kommentar på “Videorama!”

  1. Måkevenn sier:

    Måkene var søte, men det var ikke bra at de ødela mobiltelefonen.

Legg igjen en kommentar