Uvanleg sterk kost for Det kvite hus?
Rapparen Common har vore på besøk i Det kvite hus, og konservative krefter let seg skremma.
I serien om konservative amerikanarars tolkingar av populærkulturen, er turen no komen til Common, rapartist og skodespelar, og hans besøk til Det kvite hus.
Ein poesikveld i regi av Michelle Obama skulle i utgangspunktet ikkje vore den mest kontroversielle hendinga på plakaten i den amerikanske presidentresidensen i år. Førstedamas invitasjon til Common, fødd Lonnie Rashid Lynn Jr.,var likevel nok til at det heile hamna i vrangstrupa til visse røster på den konservative høgrefløya.
Konservative bloggar og TV-kanalar har nemleg tatt ein nærare kikk på nokre av Commons tekstar, og kome fram til at han er både valdsforherligande og truande. The Daily Caller og FOX News trekk begge fram diktet «A Letter To The Law», som mellom anna inneheld linjene «With that happening, why they messing with Saddam? / Burn a Bush cos’ for peace he no push no button». At Common aktivt støtta president Obama i hans valkamp, gjer sjølvsagt ikkje saken betre.
Common – «A Letter To The Law»:
Også låta «A Song For Assata», som Common skreiv som støtte til den politidrapdømde Black Panther-aktivisten Assata Shakur, har fått sinnene i kok. Ein representant for New Jersey-politiet har uttalt: «Dei unge menneska som leser og høyrer dette, vert fortalt eit svært farleg og dødleg bodskap» (via The Guardian).
Også den republikanske presidentkandidaten Karl Rove og Sarah Palin har kasta seg ut i svartmaling av Common. Rove kallar Common for ein thug, og Palin er passe sarkastisk når ho twitrar om saka.
Sjølv om det er liten tvil om at Common har ordlagt seg i lite diplomatiske ordelag tidlegare, er han ein nokså absurd kandidat til å bli kalla kontroversiell – sjølv av dei med nokså overfladisk kjennskap til hip hop-kulturen. Han er kjend som ein av USAs mest samfunnsmedvitne artistar, som gjennom karriera har engasjert seg i kampen mot HIV og AIDS, mot analfabetisme og for dyrs rettar. Han har også sagt ifrå at han ikkje kjem til å bruka antihomofile vendingar i sine tekstar. Billboard har for høvet satt saman ei samling av Commons minst kontroversielle tekstar.
Arrangementet gjekk av stabelen i går kveld, utan at nokon store bølgjer vart rapportert.
Tags: a letter to the law, Common, det kvite hus, fox news, karl rove, sarah palin
Lett match for Jon Stewart, dette. Se mannen pisse på høyresidens argumentasjon under gårdagens Daily Show: http://www.mediaite.com/tv/jon-stewarts-epic-takedown-of-fox-news-for-pushing-rapper-commons-w-h-controversy/