The Xx av xxx

The Xx av xxx

Kven vil ikkje covra The Xx? Sjå Gorillaz gjera «Crystalised», og samanlikn med Shakiras (klassiske) «Islands».

Skrevet av:
Publisert 12:13 22 november, 2010

Mange skulle nok ynskje at The Xx skunda seg litt meir med oppfølgaren til fjorårets debut, som mange plasserte blant 2009s beste album. Dei lågmælte britane ser på si side ikkje ut til å ha noko hast. Medan beskjeden om at «There are no planned tour dates» framleis står fjellstøtt på heimesida deira, dukkar stadig nye artistars fortolkingar av bandets sparsame låtmateriale opp på den store verdsveven – nokre gongar ei fattig trøyst, andre gongar nokså ålreit lytting.

Gorillaz slepp i dag Doncamatic, og i helga gjesta ein liten del av bandet BBC Radio 1 for å spre ordet. Ved sida av at Damion Albarn fekk vist seg fram på marimba (i ein skikkeleg fin versjon av singelen «Doncamatic»), gjorde dei ein cover av The Xxs «Crystalised». Sjekk ut smerta i Albarns auge her:

Dei gamle synthpop-heltane i OMD har også sett potensiale i The Xx. Gruppa har covra «VCR», og du er herved advart: Mentale bilete av velkledde middelaldrande menn med antydande hoftebevegelsar,  borrande blikk og eit lett grep om mikrofonen kjem til å oppstå. Det treng sjølvsagt ikkje vera ein dårleg ting.

Svenskane i jj har satt tekst til den strålande introen («Intro») til xx, i låta «I’m the one / Money on my mind». Fint resultat, som du kan høyra her:

Shakira har ikkje fått udelt positive tilbakemeldingar på sin cover av Islands, men…vel, den er vel ikkje for alles smak. I tillegg til ein studioversjon har den columbianske artisten inkludert låta i live-settet sitt, som her på Glastonbury-festivalen:

The Xx er heller ikkje framad for å covra andre artistar. Då dei i januar i år var i Norge for å spela for eit utsolgt Garage, fekk Lydverket dei til å spandere ein nydeleg versjon av Womack & Womacks «Teardrops». Sjå klippet her:

Tags: , , , , , , , , , ,

Del "The Xx av xxx"
 

1 kommentar på “The Xx av xxx”

  1. marte sier:

    Ingen slår orginalen!! men bra covret av gorillaz, gjorde sangen litt røffere. Shakira og the xx funket ikke så bra… beklagelig vis. menmen

Legg igjen en kommentar