Sigur Rós er ute med albumet <I>Valtari</i>. Foto: Promo/Lilja Birgisdottir.

Sigur Rós er ute med albumet Valtari. Foto: Promo/Lilja Birgisdottir.

Sniklytt på sommaralbuma!

Sigur Rós og Regina Spektor er blant artistane med album du kan lytta til akkurat no – fleire dagar før offisiell utgjeving.

Skrevet av:
Publisert 18:00 21 mai, 2012

Den som ventar på noko godt ventar som kjend ikkje forgjeves, men av og til er det heilt greitt å korta litt ned på ventetida. Ein god støttespelar å ha dersom det er musikalske godbitar som testar tolmodet ditt, er NPR First Listen. Her vert det kvar veke lagt ut førehandsstrømming av komande album, og denne veka var ikkje noko unntak.

Takka vera dette kan du gå veka i møte med flunkande ny musikk frå Sigur Rós, The Walkmen, Edward Sharpe And The Magnetic Zeroes og Regina Spektor på øyra. Kanskje blir eitt av albuma sommarens store favoritt?

Sigur Rós – Valtari

Islendingane skal vera i eit meir atmosfærisk hjørna enn nokon gong på sitt sjette album. Valtari er produsert av frontmann Jónsi og Alex Somers, og har ordinær sleppdato 25. mai.

Høyr Valtari her!

«Ekki múkk»:

The Walkmen – Heaven

USAs kanskje mest pålitelege indierockarar kjem med sitt sjuande album på ti år i byrjinga av neste månad. Blant dei tretten spora finn ein «No One Ever Sleeps», der Fleet Foxes-frontmann bidreg på vokal.

Høyr Heaven her!

«Heartbreaker»:

Edward Sharpe And The Magnetic Zeroes – Here

Dei som fekk sansen for den sjarmerande «Home» frå Edward Sharpe And The Magnetic Zeroes’ fyrstealbum Up from Below frå 2009, har i 2012 gode sjansar til å bli endå betre kjend med bandet: To album er planlagt, med Here det fyrste. Det har ordinær sleppdato 28. mai.

Høyr Here her!

«Mother» (bonusspor, ikkje på albumet):

Regina Spektor – What We Saw From The Cheap Seats

Den russisk-amerikanske artisten er klar med sitt fyrste album sidan 2009, ført an av singelen «All The Rowboats». Albumet er spelt inn i Los Angeles i fjor sommar, og er produsert av Mike Elizondo (som tidlegare har samarbeida med mellom andre Eminem). Ordinær sleppdato er 25. mai.

Høyr What We Saw From The Cheap Seats her!

«All The Rowboats»:

Tags: , , , , , , , , ,

Del "Sniklytt på sommaralbuma!"
 

1 kommentar på “Sniklytt på sommaralbuma!”

  1. [...] fra New York slapp denne uken albumet Heaven og her er videoen, eller scrapbooken om du vil, fra singelen med samme [...]

Legg igjen en kommentar