Justin Vernon kjem med nytt album i juni. Foto: Drew Kaiser / Duke Performances

Justin Vernon kjem med nytt album i juni. Foto: Drew Kaiser / Duke Performances

Sniklytt: Bon Iver

Har du sakna Justin Vernon? No kan du høyra fyrste spor frå hans komande album, oppfølgaren til fantastiske For Emma, Forever Ago.

Skrevet av:
Publisert 11:55 18 mai, 2011

Perfekt til dagen derpå: Ny låt frå Justin Vernons Bon Iver. «Calgary» er fyrste spor frå andrealbumet Bon Iver, som har den tunge oppgåva å følga opp suksessen til For Emma, For Ever Ago.

Høyr «Calgary» under – og last den ned om du vil.

I eit intervju med Rolling Stone for nokre månadar sidan, forklarte Vernon korleis dei ti spora på albumet kom til å representera ti forskjellige stadar. Lista over spor inneheld titlar som «Perth», «Minnesota, WI» og «Lisbon, OH», medan Vernon sjølv har peika ut sistesporet «Beth/Rest» som sin favoritt.

Medan For Emma, Forever Ago vart spelt inn i einsemd i ei hytte i Wisconsin, har Vernon henta inn hjelp utanfrå til Bon Iver. Saksofonisten Colin Stetson, som mellom anna har arbeida med Tom Waits og Arcade Fire, er med, det same er steel-gitaristen Greg Leisz (Wilco, Avenged Sevenfold, The Jayhawks, The Eagles med fleire).

Om du ynskjer reprise på Bon Ivers fantastiske Øya-konsert frå 2009, ser det diverre ikkje lyst ut – han har foreløpig ingen planar om å kome til Norge i løpet av sommaren. Derimot kjem han til Oslo 3. november, for å spela på Sentrum Scene. Billettsalet opnar 20. mai.

Bon Iver er ute 17. juni.

Tags: , , , , , ,

Del "Sniklytt: Bon Iver"
 

8 kommentarer på “Sniklytt: Bon Iver”

  1. [...] Sons – Pressure And Time Frank Ocean – U Got It Bon Iver – Calgary Hør den igjen her! Philco Fiction – Help! Envy – Last Night Session (live hos Lydverket) Envy – One [...]

  2. SimenNE sier:

    Ah! Låta er herlig. Gleder meg til skiva slippes! Liker lydbildet og er spent på om skiva vil være like synthpreget som denne låta.
    Uansett. Stemmen hans er en av de vakreste i verden.

  3. Jubelsau sier:

    Definitivt en flott stemme og en fantastisk melodi. En av de få tingene jeg har å utsette er at den blir litt rotete og masete mot slutten. Mens han synger «so itʼs storming on the lake, little waves our bodies break.» Høres ut som om man med fordel kunne ha brukt litt mer penger på innspillingen der. Uansett, blir nok ny CD på meg 17. juni, tenker jeg.

  4. Lauv sier:

    Den konserten skal jeg ta med meg min hustru på!

  5. [...] dag på iTunes-kontoret: Ein månad før Bon Iver slepp sitt høgt etterlengta andrealbum, var alle spora brått tilgjengeleg på verdas største digitale musikkmarknad. Kva skjedde? God [...]

  6. [...] Iver, Bon Iver er ute 16. juni. Om du går hit kan du lesa meir om albumet, og lytta til sporet “Calgary”. 3. november kjem Vernon med [...]

  7. [...] nå streamer britiske The Guardian hele albumet på sine nettsider. Hør også smakebit – albumsporet [...]

  8. [...] video til låten her:   Bon Iver-singelen “Calgary” har nettopp blitt akkompagnert av [...]

Legg igjen en kommentar