Veka i musikk

Veka i musikk

Marilyn Manson gjer deg ein smakebit nytt materiale, Lady Gaga har trekant med Justin Timberlake og Andy Samberg, og Flaming Lips er ute med ein ny EP. Tid for eit kjapt blikk på den siste tidas musikknyhende.

Skrevet av:
Publisert 16:19 24 mai, 2011
Kva skjer med Manson for tida?

Det er ikkje sikkert det er  eit spørsmål me vil ha eit detaljert svar på, men mannen har faktisk letta sløret til det som antakeleg er hans neste singel. Under høyrer du 26 sekund av «I am among no one», noko som må vera ein type arbeidstittel – Manson skildrar låta som «an undisclosed song with an unreleased title.» (Via Gigwise)

Bon Iver, Bon Iver gjort tilgjengeleg på iTunes

Dårleg dag på iTunes-kontoret: Ein månad før Bon Iver slepp sitt høgt etterlengta andrealbum, var alle spora brått tilgjengeleg på verdas største digitale musikkmarknad. Kva skjedde? God gammaldags menneskleg svikt. Feilen vart raskt retta opp, men ikkje før heile Bon Iver, Bon Iver var spreidd til diverse torrent-sider. Apple er kanskje sikra mot virus, men idiotsikkert er det ikkje. (Via Rolling Stone)

Ny EP frå Flaming Lips

Flaming Lips er ikkje framade for kreative samarbeidsprosjekt, og no kan du hausta dei kreative fruktene som har kome ut av studiotida dei har tilbrakt med Guillermo Scott Herren – kanskje betre kjend som Prefuse 73. Den fire spor lange EP-en – sjølvsagt spekka med kreative låttitlar – kan du høyra her.

Bob Dylan på heroin?

Var 70-årsjublilanten Bob Dylan suicidal og hekta på heroin då han levde i New York City på 1960-talet? BBC har gravd fram opptak frå samtalar artisten hadde  med ein av sine mest kjende biografar, Robert Shelton, i 1966, der Dylan mellom anna fortel om si «25$-a-day-habit», og dragninga mot å ta sitt eige liv. Nyhenda har skapt storm på nettet det siste døgnet, men – som Rolling Stone påpeiker – kan det vera lurt å ta informasjon Bob Dylan lirte av seg i intervju midt på 1960-talet med ei klype salt. I eit anna intervju han gjorde med Shelton i 1966, påsto Dylan at han på eitt tidspunkt hadde levd som mannleg prostituert. (Via Guardian)

Lady Gaga er ok med trekant

Promoteringa av Born This Way rullar vidare, og denne helga var Lady Gaga gjest i det populære humorprogrammet Saturday Night Live. I tillegg til å vera med i sketsjar og framføre låtar frå sistealbumet, gjorde ho ein søt liten digital short saman med Andy Samberg (frå The Lonely Island) og Justin Timberlake: «3-way (The Golden Rule)».

The Rapture på veg med nytt album

Dommedag inntraff – heldigvis – ikkje denne helga heller, men det som faktisk har skjedd er at New York-bandet The Rapture har annonsert at dei i september kjem med sitt fjerde album, som har fått tittelen In The Grace Of Your Love. Fem år er gått sidan Pieces of the People We Love?, så me kan nok vera einige om at det er på høg tid. Her kan du sjå bandet spela den nye låta «Sail Away» (fengande tittel!) live. (Via Vulture)

Yeasayer avslører ny låt

Brooklyn-bandet Yeasayer er for tida opptekne med å turnera Nord-Amerika med deira Odd Blood-album, men ting er i emning. På talk showet til Conan O’Brian troppa dei opp med den splitter nye «Devil and the Deed». Lovande, indeed. (Via Consequence of Sound)

Tags: , , , , , , , , , , , ,

Del "Veka i musikk"

Legg igjen en kommentar