Sniklytt: Bon Iver

Sniklytt: Bon Iver

Lyst til å høyra eitt spor til frå Justin Vernons komande album? Ver så god, her er «Perth».

Skrevet av:
Publisert 13:35 8 juni, 2011

Sjølv om heile albumet ved ein feil vart lagt ut på iTunes for nokre veker sidan, er det nok framleis mange som ikkje har kasta seg over piratnedlastinga av Bon Ivers andrealbum Bon Iver, Bon Iver endå. Som ei lita belønning for tolmodet, kan du no høyra albumets opningsspor «Perth». Det slapp nemleg ut på nettet i går kveld.

Det byrjar med vevre gitarar, men utviklar seg etter kvart til noko ganske så majestetisk: Marsjtrommer, strykarar, horn – og sjølvsagt Justin Vernons nydelege stemme.

Bon Iver, Bon Iver er ute 16. juni. Om du går hit kan du lesa meir om albumet, og lytta til sporet «Calgary». 3. november kjem Vernon med band til Oslo – det er framleis billettar igjen.

Tags: , , , ,

Del "Sniklytt: Bon Iver"
 

4 kommentarer på “Sniklytt: Bon Iver”

  1. martin marki sier:

    subst. m/f entall lykke ( lykken / lykka) ['lykə]

    1 dyp følelse av glede og tilfredshet, harmoni!

    Jippijippijeje, dette blir så grisebra*

  2. Urban Turban sier:

    Bored Iver

  3. Urban Turban sier:

    Ble skikkelig lei meg når jeg skjønte at Bon Iver spilte på Ullevål nettopp. Men han kommer heldigvis tilbake til Sentrum Scene i November.

Legg igjen en kommentar