Kanye West i studio med Rick Ross

Kanye West i studio med Rick Ross

Sjekk ut Kanye Wests studioreglar

Han har skapt eit meisterverk. Og han har gjort det utan hipsterhattar eller akustiske gitarar.

Skrevet av:
Publisert 12:19 23 november, 2010

Kanye West imponerar med My Beautiful Dark Twisted Fantasy. Albumet har framkalt bukk langt ned i støvet frå ein internasjonal anmeldarstand – sjølv om fleire enn Lydverkets Andreas Øverland har påpeikt Wests genialitet er blanda med sin porsjon virkelighetsfjern galskap. Det er med ein slags skrekkblanda beundring fleire allereie har utropt verket til årets beste album.

Slikt kjem sjølvsagt ikkje av seg sjølv. Complex Magazine byr no på eit fin-fint blikk inn i kulissane til My Beautiful Dark Twisted Fantasy, og kan rapportera at knallhardt fokus og streng disiplin herska i studioet på Hawaii. For å halda teknikarar, produsentar og eit roterande team av gjesteartistar i sjakk innførte West likesågodt eit sett studioreglar. Nokon er det lett å få sansen for – som «Just shut the fuck up sometimes» og «No hipster hats» – medan andre er vanskelegare å få tak på – som «No negative blog viewing».

Sjå heile lista her:

  • No tweeting
  • All laptops on mute
  • No hipster hats
  • Just shut the fuck up sometimes
  • No tweeting please. Thank you!
  • No blogging
  • No negative blog viewing
  • Don’t tell anyone anything about anything we are doing
  • No lacking focus while music is being played og being made
  • Total focus on this project in all studios
  • No acoustic guitar in the studio
  • No pictures

Og når me fyrst morar oss over Wests eksentrisitetar: NME har satt saman ei liste over hans morsomaste utspel gjennom åra. Favoritt: «I AM NOT A CELEBRITY. I’M JUST A NORMAL PERSON THAT’S FAMOUS» – tett etterfulgt av denne kommentaren til rikdommen og berømmelsens bakside: «Fur pillows are hard to actually sleep on»

Tags: ,

Del "Sjekk ut Kanye Wests studioreglar"
 

1 kommentar på “Sjekk ut Kanye Wests studioreglar”

  1. [...] óg: Sjekk ut Kanye Wests studioreglar Les: Kanye West og Jay Z kommer til Norge i mai Les og se videoer: Elsker eller hater du Kanye [...]

Legg igjen en kommentar