Send over champagnen

Send over champagnen

Hip hop-artistar går gjerne i bresjen for sine personelege favorittar i barskapet. No kjem det fram at Jay-Z kanskje har lagt pengane sine i feil glas.

Skrevet av:
Publisert 13:28 23 mars, 2011

Då finansmagasinet Forbes tidlegare denne månaden rangerte verdas rikaste hip hop-aktørar, var det P Diddy som toppa lista, like foran Jay-Z. Deira respektive formuer er bygd på mykje meir enn berre musikk – klesmerker, restarantar og reklame er sjølvsagte delar av imperia.

P Diddy harogså tent enorme summar på eigarskapet i vodka-merket Ciroc, medan Jay-Z på si side lenge vore ein champagne-mann. Det begynte med Cristal for alle penga, og referansane til dei franske luksusdråpane låg tett i både tekstar og musikkvideoar, allereie frå debutalbumet Reasonable Doubt:

Men då Frederic Rouzaud, direktør for selskapet som produserer Cristal, kom med utsegn som gjorde det heilt klart at han ikkje var begeistra for assosiasjonane til hip hop-miljøet i 2006, viste Jay-Z inga nåde: Han iverksette boikott av Cristal, og droppa alle referansar til merket i sine tekstar.

Sjå meir om produktplassering i musikkvideoar her: Verdens mest kommersielle bransje.

Men ein mann kan ikkje gå utan champagne alt for lenge, og Jay-Z fann seg snart ein ny favoritt: Champagne Armand de Brignac.

Dyre dråpar dette òg, men nyleg har det kome fram informasjon som tydar på at signaleffekten av å bli assosiert med Armand kan vera mindre heldig: New York Magazine rapporterer at ikkje berre vert merket slakta av ei rekke vineksperter – Armand skal vera identisk med den adskillig rimelegare Antique Gold, som vert distribuert av Armands moderselskap Cattier.

Jay-Z står sjølvsagt fritt til å drikke så dårleg champagne han berre vil, men det passar neppe så bra med hans nøye gjennomtenkte image å drikke overprisa skvip – sjølv om det kjem i gullflaske. Også med tanke på hip hop-modulens enorme påverkningskraft, er det ikkje til å kome vekk ifrå at han helst bør fronte ekte vare. Offisielt tener riktignok ikkje Jay-Z noko som helst på reklameringa for Armand, med anonyme kjelder skal ha det til at han i realiteten håvar inn opptil 4 millionar dollar i året på koblinga.

Men nok om det. Havet av hip hop-artistar som frontar alkohol er djupt og berusande. Ta ein kikk på nokre av våre favorittar:

«My homey Dr. Dre came through with a gang of Tanqueray»:

Ein absolutt klassikar:

Paradiso Girls, Eve og Lil’ Wayne viser kor mykje moro ein kan ha berre det er rikeleg med tilgang på tequila:

Ludacris har sitt eige cognac-merke, og er ikkje redd for å vise det:

Siste farsott: Nuvo Sparkeling Vodka. Det er rosa, smaker tranebær, og flaska ser ut som eit sexleketøy. Men T-Pain slenger det gjerne rundt halsen:

Og Mike Posner og Lil’ Wayne får damene på gli:

Men lat oss for all del ikkje gløyme at dei eldste er eldst – Tupac likte best «one part Alize, one part Cristal». Også kjent som «Thug Passion»:

Tags: , , , , , , , , , , , , ,

Del "Send over champagnen"
 

1 kommentar på “Send over champagnen”

  1. [...] også: Send over champagnen og Folket hater at band selger [...]

Legg igjen en kommentar