Elvira - by:Larm 2011. Foto: Kim Erlandsen, NRK P3

Elvira - by:Larm 2011. Foto: Kim Erlandsen, NRK P3

Elvira Nikolaisen - by:Larm, Sentrum Scene

Sang for menigheten

Elvira Nikolaisen gjennomfører sin by:Larm-konsert med stil, men ikkje spesielt mykje spenning.

Skrevet av:
Publisert 23:58 19 februar, 2011

Elvira Nikolaisens siste singel, som er fyrste musikalske livsteikn sidan plata Indian Summer ikkje greidde å følgja opp suksessen til debuten, heiter «Nothing To Lose». Då ho entra Sentrum Scene i kveld, verka det ikkje heilt som det var det som var realiteten - konserten gav på ingen måte inntrykk av at dette var ein artist med kniven på strupa.

Nevnte låt opna ballet, med Elvira ved pianoet og med eit lite arsenal av gjennomført dyktige musikarar ved si side. Men dei som hadde håpa å endeleg få eit skikkeleg innblikk i kva Nikolaisen har brukt dei siste tre åra på, måtte nok sei seg skuffa. For medan prioritering av nytt materiale i løpet av den korte tida ein har rådevelde over gjerne er ein gjengangar på by:Larm, valde denne artisten å bruka størstedelen av settet på eit dykk ned i sine to føregåande album. Om dette var ein medviten strategi for å halda korta tett til brystet, eller om det rett og slett har med manglande tryggleik på sine nye låter å gjera, er vanskeleg å vita. Som konsertgjengar er det uansett vanskeleg å ikkje kjenna seg ein smule skuffa.

Bror Emil Nikolaisen, som på eit tidspunkt dukkar opp på gjestegitar, er produsent for Elviras komande album. Utifrå dei låtane som vart framført frå dette, er det lite som tydar på at Elvira har reist vekk frå det pianodrivne poplandskapet ho har halde til i på sine to fyrste album. Stemma hennar er som skapt for dette, og det er i det heile lite å utsetta på den tekniske gjennomføringa av konserten. Sjølv om det til tider kunne lyda ein smule tamt og anonymt, er det i det minste ein svært proff versjon av anonymt.

Elvira Nikolaisens konsert på årets  by:Larm tente meir som ei stadfesting av den artisten ho har vore, enn som ei framvising av det som kjem. Kor negativt eit forteikn dette bør ha, er sjølvsagt eit ope spørsmål. Personleg skulle eg ynskja at ho hadde våga å ta eit par fleire sjansar – når ho fyrst hadde oss der.

Tags: , , , , ,

Del "Sang for menigheten"
 

1 kommentar på “Sang for menigheten”

  1. [...] Les hele anmeldelsen: Sang for menigheten [...]

Legg igjen en kommentar