Pow Pow, by:Larm 2011. Foto: Tom Øverlie, NRK P3

Pow Pow, by:Larm 2011. Foto: Tom Øverlie, NRK P3

Pow Pow - by:Larm, Sub Scene

Pow! Pow!

Progspace instrumentalmusikk kan slå begge vegar. Pow Pow greier heldegvis å halda seg på den smale sti.

Skrevet av:
Publisert 0:29 18 februar, 2011

Når Pow Pow ynskjer velkomen til sin konsert på by:Larms mest absurd søylebefengte konsertarena, Sub Scene, er det trommisen som tek seg av pratinga. Og kvifor ikkje? Bandet, men røtter både i hovudstadens mørke øvingslokale og Sørlandets glade kyrkjemusikkmiljø, har trass alt ingen vokalist med ein naturleg plass bak mikrofonen. Her er det synth, rytmeinstrument og ein stødig strengseksjon som dreg heile skuta - galaktisk instrumentalmusikk har for lengst fått sitt ansikt med denne gjengen.

Utfordringane live er openbare: Korleis skapa dynamikk i forhold til plata, fjorårets flotte, men strengt polerte, Last Days On Earth? Korleis få publikum med på fråveret av ein vokalist? Korleis ignorera det faktum at halve bandet er skjult for publikum bak desse pokkers gigantsøylene? 

Vel, det treng ikkje vera så vanskeleg. Pow Pow er ingen nybegynnarar på scena, og låtmaterialet kler liveformatet strålande. Prog- og spacereferansane snik seg så vidt det er unna guteromspreget, kanskje fordi det framstår langt røffare framført enn på plate – sistelåta «Icarus» var »klubba opp», og resultatet kunne fort ført til tilløp til dansing hadde det ikkje vore for at det stort sett sto unge alvorlege menn framfor scena – medan lydmannen openbart hadde gjort noko rett før konsertstart.

Pow Pow gjer eit overraskande sjarmerande inntrykk etter si tilmålte tid på ei av festivalens mest utakknemleg scene. Dei har staka ut ein komplisert veg for seg sjølv, som fort kan ta omturar om pretensiøs sjølvhøgtideleghet, men enn så lenge er det inga grunn til å tvila på retningssansen til gutane.

Tags: , , , , , ,

Del "Pow! Pow!"
 

2 kommentarer på “Pow! Pow!”

  1. [...] This post was mentioned on Twitter by NRK P3 and NRK Lydverket, norma sass. norma sass said: RT @nrkp3: Galaktisk lyd – Pow Pow på by:Larm er anmeldt av Lydverket. http://www.nrk.no/lydverket/pow-pow/ [...]

  2. [...] Les hele anmeldelsen her: Pow! Pow! [...]

Legg igjen en kommentar