Påskemikstape

Påskemikstape

Me er kanskje inne i den stille veka, men ny musikk dukkar opp framleis opp. Høyr det siste frå artistar som The Antlers, The National og Radiohead her!

Skrevet av:
Publisert 13:47 20 april, 2011

Lydverkets Singelyatzy-panel var ikkje heilt overbevist av forrige låt frå The Antlers komande album Burst Apart, men kanskje du tenker annleis om «Everynight My Teeth Keep Falling Out»? Albumet er ute 10. mai, og låta høyrer du her:

Codes And Keys, Death Cab For Cutie sitt neste album, er ute i slutten av mai. Singelen «You Are A Tourist» har allereie fått video, og no kan du òg høyra låta «Some Boys»:

Endå eit drypp frå Daniele Luppi og Danger Mouse sitt samarbeidsprosjekt Rome: «The Rose With The Broken Neck», med Jack White på vokal. Albumet kjem ut i midten av mai.

Brooklynbandet The National har bidratt til lydsporet til videospelet Portal 2, med låta «Exile Vilify». Høyr den under, og om du endå ikkje har sett videoen til «Conversation 16″ frå 2010s High Violet – sjå den  her!

Record Store Day har kome og gått, men heldigvis sitt me att med ein handfull ny musikk. Blant dei store artistane som for høvet gav ut eige materiale, finn me Radiohead og deira dobbelsingel «Supercollider / The Butcher». Håpefulle fans har tolka singelen som ein peikepinn mot ein oppfølgar til deira nyleg utgitte album King Of Limbs, men dette vert avkrefta av bandet sjølv.

Ein artist som har fanga mange si merksemd den siste tida, er iren James Vincent McMorrow. Ikkje så rart kanskje, med hans enkle kombinasjon av ei vakker stemme og vakre melodiar. No har låta «We Don´t Eat», frå debutalbumet Early In The Morning , fått ein dubsteboverhaling av Adventure Club – høyr resultatet her:

Endå ein flott remiks: Switch, den eine produsenthalvdelen bak Beyoncés siste låt frå hennar komande album, har lagt sine hender på TV On The Radios «Will Do». Deira album Nine Types Of Light er ute no.

Tags: , , , , , , , , , ,

Del "Påskemikstape"

Legg igjen en kommentar