Old girl gone bad
Har Madonna endeleg gått over sin «best før»-dato?
«Girl Gone Wild» var dråpen som velta heile glaset. All sympati ein kunne tenkast å ha samla opp tok til å fossa ut i strie straumar, til det til slutt ikkje var meir enn ein seig liten skvett att heilt på botnen. «Like A Prayer» som klamra seg fast, antakeleg, eller Blonde Ambition-turneen. Uansett kva, var det ikkje nok å slukka den tørsta ein trass alt byggjer opp når eitt av tidenes største popikon entrar scena. Madonna, kvifor skuffar du slik?
Teikna har for så vidt ligge i lufta ei stund. Då «Give Me All Your Luvin’», fyrste singel frå det komande MDNA-albumet, slapp ut på nettet førre månad, var det vanskeleg å ikkje kjenna på kjensla av antiklimaks.
«Give Me All Your Luvin’»:
Videoen var sikkert meint å framstå som ei topptung girl power-greie – og det er liten tvil om at Nicki Minaj, M.I.A og Madonna er eit slagkraftig lag på papiret – men enda i staden opp som eit irriterande speglbilete av popbransjen anno 2012: tre plateaktuelle artistar, pressa inn i eit totalt meiningslaust samarbeid, med eit resultat som er adskillig svakare enn dei enkelte faktorar skulle tilsei.
Låta i seg sjølv er flat og blotta for nerve, og det underliggjande konseptet – at Madonna tar den nye generasjonen inn under sine vinger – framstår direkte pinleg; var det éin ting den videoen fortalte oss, var det at det ikkje er Nicki Minaj og M.I.A. som treng drahjelp frå Madonna. Det er stikk motsett.
Så kom altså «Girl Gone Wild». Det fyrste som vart klart, var at alle som hadde tenkt at den no 53 år gamle Madonna kanskje kom til å ta den dugelege mengda pes ho fekk for å messa fram linja «I’m not that kind of girl» på fyrstesingelen til etteretning, hadde teke grundig feil. I lyrics-videoen til den Benny Benassi-produserte låta flimrar setningar som «Girls they just wanna have some fun / fired up like a smoking gun» over skjermen, medan stjerna sjølv poserer i all si fotoretusjerte prakt i bakgrunnen.
«Girl Gone Wild»:
Og det er irriterande. Det er irriterande at dronninga på pophaugen ser ut til å ha vorte redusert til eit enormt PR-apparat og eit par (jadå, eg innrømmer det) flotte bein. Det er irriterande at Madonna anno 2012 er kliss lik Madonna anno 1990. Det er irriterande at ho brukar ein tåpeleg forkorting av sitt eige namn som albumtittel, og at ho uansett er sikra ein plass på Billboard-lista.
Men fyrst og fremst er det irriterande at Madonna har hamna bakpå. Det er ikkje som om det nokon gong har vore vanskeleg å hata ho – til det har ho vore alt for suksessrik, alt for uredd, krevd alt for mykje plass og tråkka på alt for mange tær – men ho har alltid vore Madonna: alltid eitt skritt foran, klar til å overraska.
På dei to smakebitane me til no har fått av MDNA, er ho aldri i nærleiken av å framvisa ei slik teft. Dei basshamrande forsøka på å fanga inn ei eller anna tidand ligg nærare det patetiske enn det fintfølande, samstundes som Madonnas eigne musikalske fingeravtrykk er meir eller mindre dekka over av eit overprodusert mylder.
På éin måte er det talande at Madonna, som seinast i fjor handterte Lady Gagas påståtte plagiat av «Express Yourself» med overberande storsinn, no må finna seg i å bli plassert på den andre enden av bordet. Madonna, som tallause gonger har blitt hylla for evna til å «gjenoppfinna seg sjølv», verkar no ikkje ein gong i stand til å gjenoppfinna Cindy Lauper.
Det er mange årsaker til at Madonna har halde seg flytande i musikkbransjen såpass lenge – ikkje minst har ho alltid gjeve inntrykk av å ha full kontroll over eiga karriere. Den dagen den illusjonen slår sprekker, ser det stygt ut med tanke på datomerking. Spørsmålet er: blir det 26. mars?
Maria Horvei
Tags: gimme me all your luvin, Girl gone wild, Kommentar, Lydverket, Madonna, Maria Horvei
Meiningen med tittlen MDNA er ikke selvtittelering. Det er spill på MDMA, også kjent som ecstasy.
Enda en grunn til ikke å kjøpe cd-en. Back to the eigthies-Madonna holder i massevis for meg – om jeg er i det lette hjørnet.
Lydverket suger. Big time.
lydverket er irriterende!!!!
Madonna vs Lady Gaga? Bransjens største diva vs bransjens mest nasty?
Jeg har problemer med å se Lady Gaga som noe mer enn et stort PR-apparat.
Jeg har problemer med å se Lady Gaga som noe mer enn et stort PR-apparat.
Madonna vs Lady Gaga? Bransjens største diva vs bransjens mest nasty?
«Det er irriterande at Madonna anno 2012 er kliss lik Madonna anno 1990.»Dritirriterende for noen som var to år i 1990 vil jeg tro..
Madonna er ikke gammel! Det er på tide å innse at mennesker lever lengre og lengre, og blir derfor egentlig ikke er gamle før man er… 60?
jeg personlig synes at alt av madonna er bare møl så jeg skal ikke sørge mye hvis d blir slutt på mølet, hun kan godt ta med seg adele og justin bieber i fallet også….
Madonna har ikke klart å lage noe lytteverdig siden Frozen alt etter det har vært overprodusert desperasjon
Den største skandalen her er hvor mye de har klart å redigere bildet av Madonna…
Retusjere?
Etter den siste singelen, mistet jeg all lyst til å høre noe mer av det albumet, og velger å glede meg til nyheter fra Sinead O’Connor og Erykah Badu……….btw —– Lady Gaga, who..???
Etter den siste singelen, mistet jeg all lyst til å høre noe mer av det albumet, og velger å glede meg til nyheter fra Sinead O’Connor og Erykah Badu……….btw —– Lady Gaga, who..???
Klasse utgår aldri på dato. En av våre største pop divaer noensinne. Dagens popfrøkner når henne ikke engang opp til ankelen.
Når du greier å skrive «popdivaer», burde det ikke være verre å skrive «popfrøkener». God helg!
MAD——-onna!!
The music thief!! (Ask PRS (performing rights society) it has loads of complaints against her…
The refrain of Hung Up, belongs to Eddy Jacobsens song You and Me and Son, that was given to EMI, London, October 1993, and was found as refrain on her Hung up!!!
http://www.youtube.com/onlinelondon
Sminkørene gjør en kjempejobb!
Det ser ut som Madonna er høyst trædve!
Få artister vet når det er på tide å kaste inn håndkle..
Det beste for -madonna hadde (særiøst) vært å dø!
(Elvis, Lennon, Jackson, Houston)
Men hun er vel for materialistisk for å ta den!
Madonna har ikke vært innovativ etter «American Life». Men det gjør nesten ingenting for hun ER American Life. Uansett hvor glatt det er. Så blir det litt sånn guilty pleasures for meg. Noen av låtene på «American Life» er så bra at jeg håper hun en gang går ned den veien. Det er lov å håpe.
Hvorfor skriver du endelig? det er da ingen som tvinger deg til å høre på Madonna. Dere i Lydverket, som er så utrolig «innovative» når det gjelder musikk, er det ikke «politisk korrekt» å høre eller spille henne på radio så Madonna får bare prise seg lykkelig for at hun ikke er norsk
Ingen som tvinger deg til å lese det Lydverket skriver.
Uansett hvor mange innfallsvinkler som prøves for å gjøre seg viktig på Madonna,s bekostning er og blir dama den største.
Uansett hvor mange innfallsvinkler som prøves for å gjøre seg viktig på Madonna,s bekostning er og blir dama den største.
Heisan..Go MDNA!! Kjempesuper låt!! (selv om eg lite lyttar til din musikk) Men ærleg talt, Lydverket! Janteloven rår! MDNA er ikkje gått ut på dato, og ja, ein skal vel ikkje vere genial for å skjøne at artistar kler kvarandre for å få blest om låtane sine..kva med Will.i.am som i låta T.H.E (the hardest ever..= ?? kor naive skal desse tekstane vere eigentleg) bruker Jennifer Lopez og Mick Jagger…men vi får vel vere glade for at låtane er så overflatiske, platte og repetitive, slik at vi får noko å kritisere..

Denne anmeldelsen er så «spot on» som det går an å få det. Krampeaktig er et uttrykk som jeg synes passer for dette samarbeidet.
Helt utrolig at NRK..Norges egen stats-kanal lar oss få lov til å kommentere dette..
Har et stort kjærlighetsforhold til Madonnas`s 80 og 90-talls produsjoner, men etter at hun ble trance artist hoppet jeg av. Hun skulle holdt seg til de fengende gode pop-klassikerne som «True blue» «Like a prayer» og «like a virgin»
Tipper MDNA høres ganske bra ut på MDMA
Tipper MDNA høres ganske bra ut på MDMA
Tviler jeg sterkt på. Med mindre du er ei fjorten år gammel jente fra bygda som vanligvis hører på Basshunter og Miley Cyrus.
[...] Les også: Har Madonna gått ut på dato? [...]