Oh Land i sikte

Oh Land i sikte

Danmark har fått ei nytt, funklande popstjerneskot. Det er på høg tid at du blir betre kjent med Oh Land.

Skrevet av:
Publisert 15:10 5 april, 2011

Dyktig, vakker, og etter kvart ganske hypa: Danske Nanna Øland Fabricius, med artistnamnet Oh Land, har denne våren sprunge ut som siste knopp på den skandinaviske popgreina. Med heile 11 konsertar under årets SXSW-festival i Austin, Texas, vart ho ikkje utan grunn utropt til bransjetreffets «biggest talk of the town«. Perez Hilton er òg fan, og denne veka er det MTV som pushar artisten.

Den tidlegare profesjonelle ballettdansaren kom ut med sitt fyrste album Fauna i 2008, men det er fyrst med årets sjølvtitulerte album ho verkeleg har fanga merksemda til eit større publikum. Musikalsk vert ho gjerne samanlikna med artistar som Lykke Li, Goldfrapp og Florence And The Machine – sjølv seier ho at ho vil skrive musikk som kjennes ut som «2050 møter noko verkeleg klassisk, som å møta ein framad som verkar like kjent som ein gamal ven».

Under kan du streama ei samling låtar frå hennar siste album, samt nokre remiksar:


(Via dynmk)

Oh Lands svært medvitne haldning til klede og konsertopptredenar gjer det ikkje vanskelegare å sjå for seg framtidig suksess. For MTV har ho gjort denne versjonen av låta «White Nights»:

Sjå videoen til singelen «Sun Of A Gun» her:

Tags: , , , , ,

Del "Oh Land i sikte"
 

3 kommentarer på “Oh Land i sikte”

  1. Ida sier:

    Altså, bra at dere endelig har funnet frem til Oh Land, men velkommen etter.
    http://smug.no/post.aspx?ID=7407

  2. [...] på Parkteatret i Oslo, mens det amerikanske indierockbandet The Walkmen, det danske stjerneskuddet Oh Land og Lydverket-favoritter som Bring Me The Horizon, Odd Future Wolf Gang Kill Them All og Battles [...]

Legg igjen en kommentar