Norsk Roskilde-invasjon

Medan by:Larm gjekk sin gode gang i Oslo i helga, kunne Roskilde folket løfte sløret av ei rekke norske artistar som skal spele på sommarens festival. Og det er både band som spelte på helgas bransjefestival og nokre som ikkje spelte der.. Roskilde har nemlig booka inn dei norske artistane Katzenjammer, Klovner i Kamp, Satyricon, […]

Skrevet av:
Publisert 17:30 22 februar, 2009
Skambankt. Foto: MySpace

Skambankt. Foto: MySpace

Medan by:Larm gjekk sin gode gang i Oslo i helga, kunne Roskilde folket løfte sløret av ei rekke norske artistar som skal spele på sommarens festival. Og det er både band som spelte på helgas bransjefestival og nokre som ikkje spelte der..

Roskilde har nemlig booka inn dei norske artistane Katzenjammer, Klovner i Kamp, Satyricon, Skambankt og Yoga Fire til programmet. Ei variert norsk pulje dette. Aiaiai, det er godt å vere norsk i Danmark.

Katzenjammer som var eit av banda som spelte på helgas festival består av fire fargerike jenter som kokar saman folk, country, balkan og blues saman til det vi kanskje kan kalle cirkusmusikk? Vår anmelder vart ikkje kjempe begeistra for debutplata til jentene som rullerar på instrument og vokal gjennom konsertane dei held. Men bookingavdelinga i den danske leiren har iallefall latt seg sjarmere.

Klovner I Kamp er norsk hiphop som du heilt sikkert enten har høyrt på eller om. Dei fire klovnane Alis, Dr. S., Dansken og Finger’n hadde egentlig gitt seg for godt for to år sidan. Men no samlar dei troppane igjen, så dei kan spele på ei scene dei ikkje hadde stått på før dei gav seg. Dette er også eit band Roskilde er stolte og glade for å kunne presantere.

Satyricon er norsk, svart metal med stiltrekk fra meir tradisjonell og muskuløs rock. The Age Of Nero er deira siste album som er eit bevis på at internasjonal annerkjenning ikkje har rokka ved Satyricons nattesvarte livssyn og sønderknuste tyngde.

Skambankt deltok under årets by:Larm. Og dei blandar punk og rock med sosialrealistiske tekstar på syngande norsk. Kanskje litt inspirert av The Stooges og Motörhead for å nevne nokre.

Yoga Fire består blant anna av medlemmar frå Klovner i Kamp. Dei lagar enkle poplåtar på norsk, med både humor og glimt i auget. Så Klovner I Kamp fansen skal ikkje bli skuffa.

Sjå opp for fleire norske navn på årets Roskilde-program!

Tags: , , , , , , , , , ,

Del "Norsk Roskilde-invasjon"

Legg igjen en kommentar