Anja Elena Viken - Revolver, by:Larm 2012
Mot i brystet
…og tøff i trynet. Anja Elena Viken greier nesten å følgja opp ord med handling på sin by:Larm-konsert.
Uansett kva slags musikalsk likning du vel å setja Anja Elena Viken inn i (Razika pluss John Olav Nilsen? A-Laget delt på Lars Vaular?), er det trygt å slå fast at ho med sitt slagferdige låtmakeri har nikka seg rett inn i den risikofylte gruppa av artistar det er knytt ekstra høge forventingar til på årets by:Larm. Kveldens sjanse til å innfri fann stad i kjellaren på Revolver – Oslos beste konsertscene for spytt i trynet og kink i nakken.
Allereie på opningslåta kjem det fram kvar appellen ligg. Med heilt enkle tekstlege og melodiske grep malar Viken fram eit bilete av ein alt for lett gjenkjenneleg walk of shame – du veit, når du sitt på morgonbussen med «alt for lite kle på / og alle bare ser på» - og fangar med det både det uendeleg fine og det grenselaust kjipe med å vera ung, bakfull og ha dårleg smak i menn.
Viken framstår dels blyg, dels fandenivoldsk der ho sitt bak keyboardet sitt. Eit viss mangel på autoritet er med på å avsløra at fartstida som artist ikkje går mange fullmånane tilbake, det same er det sparsommelege låtutvalet. Framleis er det fyrst og fremst potensialet ein ser når Anja Elena Viken opptrer, ikkje minst på grunn av dei nokså grove arrangementa låtane har blitt pakka inn i. Kveldens høgdepunkt, framføringa av minihiten «Gatekredibilitet», viser likevel kva som bur i ho: ei klar og tydeleg poprøst, som ganske snart er klart for å klæsse deg ned.
Maria Horvei
Tags: Anja Elena Viken, anmeldelse, by:larm 2012, Revolver
[...] Les anmeldelsen: Mot i brystet [...]
[...] Og det knyttet seg store forhåpninger til Anja for 2012. Under by:Larm mente Lydverket at hun nesten innfridde.Anja Elena Viken kjører på med gatekredible tekster på norsk og slagferdige melodier. Det gjorde [...]