Michael Jackson holder hender med Akon

Michael Jackson holder hender med Akon

«Hold My Hand», ein duett mellom Michael Jackson og Akon, er fyrste offisielle singel frå den avdøde kongen av pops komande album. Lydverket har for lengst snakka med Akon om samarbeidet.

Skrevet av:
Publisert 11:25 15 november, 2010

Etter at fyrste smakebit frå Michael Jacksons komande plate Michael, låta «Breaking News» , skapte bølger på nettet forrige veke, er det no mogleg å streama det som skal vera albumets fyrste offisielle  singel frå artistens offisielle heimeside. «Hold My Hand» er ein duett mellom MJ og Akon, og begynner med strofa «This life don’t last for ever». Ah. Låta er forøvrig skrive av Akon sjølv.

Høyr «Hold My Hand» her!

Lydverket møtte Akon tidleg i 2008, då han og Jackson akkurat hadde samarbeida om materiale til albumet Jackson hadde planlagt å gje ut før sin død i 2009. Han fortalte då at det var ei uverkeleg oppleving å bli involvert i arbeidet til sjølvaste kongen av pop.

- Det var ein draum som gjekk i oppfylling – ein slik situasjon der ein må knipa seg sjølv i armen for å skjøna kva det er som skjer, sa Akon.

Senegalesaren fortalte vidare at Jackson gav han full kunstnarisk frihet då dei var i studio ilag. Han kom også til å vera «fully involved» i arbeidet med Jacksons komande plate, frå låtskriving til produsering.

- Det er heilt vilt. Eg kan knapt venta til albumet kjem ut.

Det gjekk diverre ikkje heilt etter planen. Sjå heile intervjuet med Akon her:

Michael kjem til å innehalda både uutgitte Michael Jackson-låtar, og materiale artisten framleis arbeida med då han døydde. Albumet kjem i salg 14. desember, men er allereie kontroversielt etter at fleire av Jacksons familiemedlemmer har hevda at det ikkje er Michael sjølv som syng på fleire av låtane.

I helga vart også tracklistinga for Michael offentleggjort. I tillegg til Akon vert fansen servert samarbeid med Lenny Kravitz og 50 Cent. Hadde Jackson visst at dette kom til å bli hans siste plate, hadde han vald meir…hm, ekstravagante gjesteartistar? Her er i alle fall den fulle lista over låtar:

01. Hold My Hand (feat. Akon)
02. Hollywood Tonight
03. Keep Your Head Up
04. (I Like) The Way You Love Me
05. Monster (Feat. 50 Cent)
06. Best Of Joy
07. Breaking News
08. (I Can’t Make It) Another Day (feat. Lenny Kravitz)
09. Behind The Mask
10. Much Too Soon

Lydverket har skrive om samarbeidet mellom Lenny Kravitz og Michael Jackson før, då «Another Day» – som òg er med på albumet – lekka ut på nettet. Høyr den låta her:

Tags: , , , , , ,

Del "Michael Jackson holder hender med Akon"
 

6 kommentarer på “Michael Jackson holder hender med Akon”

  1. 250 MG sier:

    Nydelig låt, rett og slett!!!

  2. QT sier:

    Jeg digger den!!!! Rett og slett! Håper denne blir spilt mye på P3! ;D

  3. Wasim Zahid sier:

    Kjempefin låt. Men jeg synes den lekkede råversjonen fra 2007 var bedre.

  4. Maksima sier:

    Kjempefin sang! Løp og kjøp.

  5. Anine69 sier:

    Sangen er utrolig flott. Håper P3 vil spille den.

  6. gshjfk sier:

    Grei låt, men vet ikke om Michael sang på den sangen. Var liksom veldig lite sang fra han:(

Legg igjen en kommentar