Med klare blikk

Honningbarna avslutta årets fyrste by:Larm-kveld, med sin fyrste konsert etter førre månads ulukke.

Skrevet av:
Publisert 2:37 16 februar, 2012

Klokka har passert midnatt før Honningbarna-vokalist Edvard Valberg Haraldsen entrar scena i by:Larms provisoriske festivaltelt på Youngstorget i Oslo. Ølsippande publikummarar, bransjefolk og artistar har trengt seg saman, og resten av bandet står klare. På utsida av dei blafrande veggane viser Oslo seg frå ei – til  by:Larm-natt å vera – uvanleg mild side; nokre skarve minusgrader sveipar over brøyta fortau, opne for høge hælar og stigande promille.

Då var det annleis i fjor, då ein bitande kulde hadde mana fram eit mest uframkommeleg islandsskap i hovudstadens gater. Trengselen var likevel lik – ikkje minst på Rockefeller, der Honningbarna skulle gjera sin by:Larm-debut. Fyrsteplata var enno ikkje ute, men ein Urørt-siger og stadig meir entusiastiske live-rapportar gjorde sitt til at forventingane låg tjukt over lokalet. Seks kristiansandguter, framleis ikkje ute av det vidaregåande skulesystemet, med eit flammande ynskje om ei radikalt betre verd, ei platesamling full av norske punkrock-klassikarar og eit strålande musikkår framfor seg.

Les anmeldelsen frå by:Larm 2011: Øk det og styrk det!

I natt var dei fem att. Trommeslagar Anders Askildsen Eikås rakk å oppleve både plateslepp, ein fullstappa festivalsommar, Spellemannsiger og utenlandsturnering, før han i slutten av førre månad omkom i ei tragisk bilulukke. Bak trommesettet i kveld sitt Nils Jørgen Nilsen, jamnaldrande kamerat av bandet. Med han og resten av bandet i ryggen grip Edvard fatt i mikrofonstativet – og sett i eit brøl. Honningbarna er i tilbake.

Dei neste tre kvartera kastar dei knapt eit einaste blikk over skuldra. Låtane hamrar ut over publikum, som med naud og neppe greier å snika inn eit takfast «Honningbarna! Honningbarna!» innimellom. Krava som kjem frå scena er dei same som før – eit fritt Palestina, eit nytt og betre vendepunkt – det same er den mest endelause energien samtlege bandmedlemmer tilsynelatande sitt inne med. Dei er borgerskapets utakknemlige sønner – framleis.

Eit intenst, ordknapt sett leier fram mot siste innsats - ein ny låt, som bandet gjorde ferdig saman med Anders berre ei veke før ulukka. Meir forventa er ekstranummmeret som til slutt vert klappa inn – «Noen å hate».

Honningbarna på by:Larm 2012. Foto: Tom Øverlie, NRK P3

Lydverket radios Trine Sollie møtte bandet backstage etter konserten. Dei var slitne, og ikkje alle orka å prate. Nervane hadde stått i høgspenn før konserten, og i etterkant var det fyrst og fremst lettelse dei kjende.

-  Eg er sinnsjukt letta over at det gjekk så bra. Det var dødskjekt å sjå at folk var i ekstase, sa gitarist Christoffer Trædal. Han trakk fram kjernepublikumet framme ved scenekanten, og kor bra Nils Jørgen gjorde det. Nykommaren sjølv var òg nøgd, alt i alt.

- Eg meinte det eg gjorde, sa han.

by:Larm 2012 er så vidt sparka i gang. For Honningbarna markerte kveldens konsert starten på noko nytt – og framhaldet av noko gamalt. Det er berre å ynskja dei lukke til i tida framover.

Tags: , , ,

Del "Med klare blikk"
 

5 kommentarer på “Med klare blikk”

  1. Anonym sier:

    Er stolt over å kjenne flere av medlemmene i bandet. Den ny trommeslageren er en utrolig fin fyr og en utrolig dyktig trommeslager!
    Hjerte varmt, hodet kaldt
    Kjærlighet overalt!

  2. Anonym sier:

    Er stolt over å kjenne flere av medlemmene i bandet. Den ny trommeslageren er en utrolig fin fyr og en utrolig dyktig trommeslager!
    Hjerte varmt, hodet kaldt
    Kjærlighet overalt!

  3. [...] fra festivalstudio!) Støyvenner for livet Oter – Karusell Honningbarna – Til ungdommen Honningbarna tilbake! Nekromantheon – Embrace The Oracle Overlegen onsdag Deportees – Medicate It Right [...]

  4. [...] det er noe eget med den sinte guttungen, noe Honningbarna beviste senest i går, med en slags konstruktiv menneskeforakt som drivkraft. Jevnaldrende Iceage – [...]

  5. Anne Sofie Hovden sier:

    stolt av dere, barna! dere er så sterke og fine, forsett sånn som dere alltid har gjort!!

Legg igjen en kommentar