Lana Del Rey gjer ut albumet <I>Born To Die</i>. Foto: Promo/ Nicole Nodland

Lana Del Rey gjer ut albumet Born To Die. Foto: Promo/ Nicole Nodland

Lana Del Rey - Born To Die

Lana i Lalaland

Lana Del Rey balanserar på ein knivsegg mellom nydeleg og krampeaktig pop på Born To Die.

Skrevet av:
Publisert 20:01 30 januar, 2012

Få musikalske fenomen har det siste året vist seg å ha ein like engasjerande og polariserande effekt som Lana Del Rey, den 25 år gamle New York-jenta med fødenamn Elizabeth Grant. Sidan ho stupte ut på musikkscena med singelen»Video Games» og eit sjølverklært gangsta Nancy Sinatra-image førre sommar, har pendelen har svinga frå nærmast unison hyllest, til skadefro krafsing i ein neddyssa backkatalog, til krangling om kor vakker ho eigentleg er frå naturen si side, til insistering på kor bra «Video Games» faktisk er… Og så vidare.

Kommentarfelt verda over har for lengst delt seg i ulike leirar, men for den fornuftige debattant vil albumet som no føreligg likevel vera tunga på vektskåla, det som i siste instans avgjer om ho er verdt merksemda eller ikkje. Er musikken bra nok til å stå imot ondsinna hets av typen ho til ho har vorte utsett for? Eller kjem den til å klappa saman som eit par hjarteforma solbriller?

Det fins gode argument for det fyrstnemnte. Born To Die opnar med det kjølig forlokkande tittelsporet, som langt på veg oppsummering Lanas musikalske prosjekt. Vokalen slepar seg avgårde over cinematiske strykarar, støtta opp av ein monoton beat. Det skjer ikkje så mykje, men av ein eller annan grunn (den merkeleg fråkopla vokalen? Dei små skifta i dynamikk?) vert du likevel hekta på.

«Born To Die»

Og det er fleire glimrande poplåter å ta av. Fleire av dei, som det suggererande andresporet «Off To The Races» og bittersøte «Blue Jeans» har allereie samla sin del YouTube-klikk. Den»Bittersweet Symphony»-emulerande «National Anthem» er like fengande som den er kitschy («Booyah baby bow down / making me say wow now», liksom), medan «Radio» purrar seg inn på hjernehinna di før du rekk å sei «Verdas mest oppbrukte låttittel».

Kva er det så som trekker ned? For det fyrste er Born To Die for langt, og det er vanskeleg å sjå for seg at låtmaterialet ikkje med føremon kunne vorte skore ned til ein EP. «Carmen», «Million Dollar Man» og «Summertime Sadness» er parfymert daukjøtt, og burde blitt kasta av lasset utan at ein såg seg tilbake.

For det andre er det eit album det er vanskeleg å heilhjarta omfamna med mindre du er skikkeleg glad i den mørke Lolita-estetikken som gjennomsyrer det. Personleg er eg for lengst lei den kunstige romantiseringa av ubrukelege kjærestar, ulmande dødsynskje og ein i overkant liberal omgang med rusmiddel – og Born To Die handlar knapt om anna. Du står sjølvsagt fritt til å overhøyra tekstlinjer som «Oh, she starts to cry / mascara running down her little bambi eyes» og «My old man is a thief and I’m / gonna stay and pray with him / till the end» -  men du står òg fritt til å la deg irritera.

På sitt beste viser Lana Del Rey seg som akkurat den indieprinsessa me håpa ho var då me satte «Video Games» på repeat for aller fyrste gong. På sitt svakaste framstår ho som ein karikert versjon av seg sjølv, som burde blitt gitt adskilleg betre tid til å førebu seg på det definitive møtet med sine mange kritikarar.

Maria Horvei

NB! Born To Die har 12 spor, men Deluxe-utgåva inneheld tre låter ekstra -  «Without You», «Lolita» og «Lucky Ones». Denne anmeldelsen er basert på den fyrste versjonen. Det kan nemnast at tilleggsmaterialet hadde trekt totalinntrykket ned heller enn opp.

Tags: , , , , ,

Del "Lana i Lalaland"
 

6 kommentarer på “Lana i Lalaland”

  1. [...] NRK triller til 4: På ein knivsegg mellom nydeleg og krampeaktig pop. [...]

  2. [...] låtar til å fylla tre album. Fyrsteplata Born To Die, som du kan lesa Lydverkets anmeldelse av her, har så langt seld meir enn 900 000 [...]

  3. [...] Maria Horvei anmeldte Born To Die , hvor hun skrev “personleg er eg for lengst lei den kunstige romantiseringa av ubrukelege [...]

  4. [...] Les anmeldelsen: Lana i Lalaland [...]

  5. [...] den er fem minutter lang og ikke har det samme tempoet som poplåter gjerne har i dag. Selv om hun albumdebuterte tidligere i år, er hun fortsatt forvirra når det gjelder sin egen musikalske reise. Noe hun ikke skjønner er [...]

  6. Tore Hansen sier:

    Summertime Sadness er parfymert daukjøtt ? Er anmeldelsen som er parfymert daukjøtt

Legg igjen en kommentar